Utløpt

Lærar i Byggfaga

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i Byggfaga
Frist
15.08.2022
Ansettelsesform
Fast

Er du Byggingeniør eller tilsvarande? Då kan du være den nye læreraren vår på Bygg! Vi er veldig interessert i å ha deg med på laget vårt, slik at vi kan halde fram med å vere landets beste Fagskule! 

Fagskulen Vestland  søkjer etter Byggingeniør til undervisningsstilling innan studieretninga Bygg og KEM
Vi ynskjer primært søkjarar med bakgrunn frå byggningsbransjen gjerne med erfaring som byggeledere, prosjektledere eller tilsvarande. Søkjar bør ha djupnekjennskap til rolla som byggeleder/prosjektleder og erfaring med planlegging og dimensjonering av bygg, samt kjennskap til programvare som nyttast ved dimensjonering av bygg (dette vere seg Revit o.l.).


Fagskoleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning lik universitet og høgskular, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Fagskoleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden.  Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Fagskulen Vestland er ein av landets største fagskular og gjer tilbod til omlag 1700 studentar. Vi er omlag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet.

Arbeidsoppgåver

Undervisning innan fagområdet Bygg og KEM for dag- og nettklassar. Undervisninga kombinerer praktisk og teoretisk undervisning
Vidareutvikling av utdanningstilbodet, emne og tema i samarbeid med kollegaer, skolens leing og arbeidslivet. 

Utvikle gode læringsøktar, saman med kollegaer, studentar og arbeidslivet.

Kvalifikasjonar

Erfaring innan prosjektering, byggesaken, byggeledelse, produksjon og drift.
Digitalkompetanse med bruk av relevante verktøy innan teikning, prosjektering og byggeplassdrift. (BIM - Revit)
Gode formidlingsevner
Evne til å motivere og engasjere studentar til gode læringsøkter
Evne til å bidra til at studentar får oppleve eit tett samarbeid med arbeidslivet
Evne til å utvikle digital undervisning
Evne til å kombinera praktisk og teoretisk utdanning

Personlege eigenskapar

Strukturert
Sjølvstendig
Ansvarsbevisst
Evne til å skape gode relasjonar med studentar og kollegaer
Gode samarbeidsevnar
God til å byggje nettverk 

 


Vi tilbyr

Godt arbeids og fagmiljø
Hyggelige kollegaer 
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjons ordningar
Fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Undervisning og pedagogikk,
Håndverker / Snekker/Tømrer

Nøkkelord

Byggingeniør,, Fagskole,, Bergen,, Fagarbeider,Tømrer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Atle
Stillingstittel
Østrem
Telefon
41 76 09 55
Kontaktperson
Torbjørn Mjelstad
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
97 14 20 81
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Haugeveien 28, 5005 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 263662966
Sist endret 28. jun. 2022 13:06

Rapporter annonse