Utløpt

Drifts- og serviceteknikar ventilasjon

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Drifts- og serviceteknikar ventilasjon
Frist
01.08.2022
Ansettelsesform
Fast

Teknisk drift, Førde sentralsjukehus har ledig to stillingar som drifts- og serviceteknikar med hovudvekt på VVS installasjonar, sprinkleranlegg, luft -og gassanlegg. 

Avdelinga består av 15 tilsette innan fleire fagrupper. Dette er ei spanande og utfordrande stilling som skal være med å styrke helseføretaket sin tekniske avdeling. Tilsetjing snarest etter nærmare avtale.

Kvinner vert oppmoda om å søkje. 

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvarleg for drift av ventilasjonssystem og inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å drifte øvrige tekniske anlegg ved Førde sentralsjukehus
  • Samarbeide med øvrig teknisk personell ved Førde sentralsjukehus
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med forebyggende vedlikehald
  • Inngå i vaktordning må påberegnes på sikt
  • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev er et krav innen for eit eller fleire av områda - ventilasjon og kjøling 
  • Relevant erfaring innanfor ventilasjon og kjøling og kjennskap til automasjon og elektro
  • Må beherske godt norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Relevant vidareutdanning er ønskeleg, men lang erfaring frå nemnde fagfelt kan vege opp for manglande vidareutdanning

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
  • Spennande stilling der du får vere med å utforme arbeidsdagen din
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling gjennom kursing
  • Gode velferdsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6800 Førde
Bransje
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Teknisk service,
Teknisk personell

Nøkkelord

Ventilasjon, drift, vedlikehold

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Ove Steinseth
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
99 28 88 38
Følg firma
67 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 263659776
Sist endret 28. jun. 2022 12:39

Rapporter annonse