Utløpt

VVS Ingeniør - lærer

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
VVS Ingeniør - lærer
Frist
15.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Fagskolen Vestland søkjer etter ingeniør til undervisningsstilling innan studieretninga Bygg og KEM
Vi ynskjer primært søkjarar med bakgrunn frå VVS faget med erfaring som prosjektledere eller tilsvarande. Søkjar bør ha  erfaring med planlegging og prosjektering , samt kjennskap til programvare som nyttast ved prosjektering av VVS (dette vere seg Revit o.l.).
Kven er vi?
Fagskoleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning lik universitet og høgskular, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Fagskoleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden.  Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Fagskolen Vestland er ein av landets største fagskolar og gir tilbod til omlag 1700 studentar. Vi er omlag 130 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.

Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet.

Arbeidsoppgåver

Undervisning innan fagområdet Klima, energi og miljø  (KEM) nettklassar. Undervisninga kombinerer praktisk og teoretisk undervisning
Vidareutvikling av utdanningstilbodet, emne og tema i samarbeid med kollegaer, skolens leing og anna næringsliv
Samarbeid i utdanninga med andre lærarar, leiinga og anna næringsliv

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jf. "Lov om høyere yrkesfaglig utdanning" 
Minimum bachelor innan fagområde Bygg, maskin og KEM.
Fagskole og lang relevant yrkeserfaring kan kompensere for minimumskrav til bachelorutdanning
Ønskjeleg med pedagogisk utdanning
For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga. Eventuell pedagogisk utdanning må startast innan 3 år etter tilsetjing
Ønskjeleg med digital kompetanse innenfor tegning og prosjektering av VVS anlegg. 

Personlege eigenskapar

Strukturert
Sjølvstendig
Ansvarsbevisst
Entusiastisk
Gode formidlingsevner
Evne til å motivere og engasjere studentar til gode læringsøkter
Evne til å bidra til at studentar får oppleve eit tett samarbeid med arbeidslivet
Evne til å utvikle digital undervisning
Evne til å skape gode relasjonar med studentar og kollegaer
Evne til å kombinera praktisk og teoretisk utdanning

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjons ordningar
Fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Bygg og anlegg,
VVS
Stillingsfunksjon
Ingeniør / VVS- og klimateknikk,
Kurs og opplæring,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

VVSingeniør, Byggingeniør, Lærer,, Fagskolen,, Bergen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Atle Østrem
Stillingstittel
Utdanningsleiar
Telefon
41 76 09 55
Kontaktperson
Torbjørn Mjelstad
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
97 14 20 81
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Haugeveien 28, 5005 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 263649850
Sist endret 28. jun. 2022 11:10

Rapporter annonse