Utløpt

Psykologisk institutt søkjer HR-konsulent/HR-rådgjevar

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
HR-konsulent
Frist
24.07.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Vil du jobbe med spennande rekruttering og varierte HR oppga?ver ved eit institutt i stadig utvikling?

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, har ledig ei fast stilling som HR-konsulent (seniorkonsulent/ra?dgjevar SKO 1363/1434). Stillinga vil være plassert i instituttet sin administrasjon, men du som blir tilsett vil fa? hovudansvaret for HR-saker knytt opp til ei eller fleire av instituttet sine fagavdelingar. Dette inneber mellom annet tett samarbeid med fagavdelingsleiar samt mange forskarar.

Psykologisk institutt er eit institutt med høg aktivitet. Vi har dei siste a?ra hatt stor vekst i talet pa? tilsette samt at vi har utvikla oss mykje som organisasjon. Som administrasjon er det viktig at vi fa?r gjennomført dei driftsoppga?vene vi er sett til a? gjennomføre, men i ein organisasjon som har eit slikt aktivitetsniva? og vekst, er det viktig at vi heile tida jobbar med a? gjere tenestene og organisasjonen betre. Til dette treng vi ein personalkonsulent som er strukturert og effektiv, er god til a? skape relasjonar samt har evne til a? sja? utviklingspotensiale i rutinar og arbeidsoppga?ver.


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes tilsettingsprosessar (primært vitskaplege stillingar), permisjonar, opprykkssaker og fra?tredingar
  • Personaladministrative driftsoppga?ver
  • HR-ra?dgjeving, leiarstøtte
  • Mottak av tilsette/onboarding, inkludert mottak av utanlandske arbeidstakarar
  • Utvikling, kvalitetssikring og vedlikehald av rutinar og prosessar

Ved tilsetting som ra?dgjevar vil ein til stillinga kunne leggja til tyngre HR-oppga?ver med sjølvstendig ansvar for eiga portefølje, samt HR-fagleg ra?dgjeving til eininga.


Kvalifikasjonskrav 

For a? bli vurdert for stillinga, ma? du

  • Ha relevant utdanning fra? universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelorniva?. Det er ein fordel med HR, administrasjon, leiing eller personal- og arbeidsjus i fagkretsen, men ikkje eit krav. Manglande formell utdanning kan i særskilte tilfelle kompenserast ved lang og relevant erfaring innan arbeidsfeltet
  • Ha kjennskap til lov- og avtaleverk innan personalfeltet
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne pa? norsk og engelsk
  • Ha generelt god IT-forsta?ing og erfaring med MS Office

 

Vi ynskjer at du

  • Har kjennskap til statleg regelverk innan personalfeltet
  • Har relevant arbeidserfaring innan personal
  • Har erfaring fra? personalforvaltning i statleg verksemd eller universitets- og høgskulesektoren
  • Har erfaring med a? leggje til rette for tilsette som kjem fra? utlandet
  • Det vil telle positivt om du har kjennskap til DFØs selvbetjeningsportal, SAP HR, ePhorte og Jobbnorge som rekrutteringssystem

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som

  • Er strukturert, effektiv og har god gjennomføringsevne
  • Er god til a? forklare lover og regler innan personal for nokon som ikkje har kunnskap om dette
  • Er god til a? skape relasjonar og samarbeidar godt med andre
  • Er fleksibel og kan tenkje pa? heilskapen
  • Likar løpande driftsoppga?ver, men som også kan tenke utvikling
  • Kan være ein positiv pa?drivar i arbeidsprosessar og evner a? halde i mange oppga?ver samstundes

Vi tilbyr
  • Løn som seniorkonsulent (SKO 1363) fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 544 400 og kr 584 700 (ltr. 59-63), eller som rådgjevar (SKO 1434) innanfor eit spenn mellom kr 573 900 og kr 636 700 (ltr. 62-68), avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar (https://www.uio.no/for-ansatte/ansettelsesforhold/velferd/)
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse (https://www.spk.no/)

Søknaden skal innehalde
  • CV
  • Kopi av relevante attestar og vitnemål
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

 

Les dette før du søkjer!
Na?r vi skal vurdere søkjarane i første omgong, er vi meir opptekne av kor godt du fyller dei formelle kvalifikasjonskrava enn kor flink du er til a? skrive en jobbsøknad. Derfor er det ekstra viktig at du skildrar kva du har gjort, kva du har oppna?dd og andre ting du synes er relevante i fritekstfeltet na?r du fyller ut CV-en slik at vi fa?r et sa? godt bilde av deg og kvalifikasjonane dine som mogleg. Søknadsbrevet skal være kortfatta og fokusere på dine kvalifikasjonar og erfaringar som er relevant for denne stillinga.

Søknad (med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.


Kontaktinformasjon

Kontorsjef Joakim Dyrnes, e-post: joakim.dyrnes@psykologi.uio.no

Personalra?dgjevar Frøydis Gjerpe Bekkedal (kun ved spørsma?l om elektronisk søknad) e-post: f.g.bekkedal@psykologi.uio.no


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Sektor
Offentlig
Sted
Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering
Følg firma
3830 følger dette firmaet

Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 263647696
Sist endret 28. jun. 2022 10:51

Rapporter annonse