Utløpt

Norges Bondelag søker klimakoordinator

Arbeidsgiver
Norges Bondelag
Stillingstittel
Klimakoordinator
Frist
09.08.2022
Ansettelsesform
Prosjekt

Klimakoordinator i 80-100 % prosjektstilling.

Hausten 2020 tok Partnarskapen i Vestland initiativ til eit treårig prosjekt; "Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket". Prosjektet er inne i sitt første driftsår og Vestland Landbruksselskap er eigar.

Vestland Landbruksselskap er eit samarbeidsorgan samansett av Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og statleg og fylkeskommunal forvaltning i Vestland. Selskapet skal arbeide for landbruket sitt beste. Vestland Landbruksselskap søkjer etter

Klimakoordinator

Klimakoordinatoren skal, med bakgrunn i Landbrukets Klimaplan, koordinere klimaarbeidet i landbruket som rettar seg mot bonden og gardsdrifta hans. Klimakoordinatoren skal motivere bonden til å drive klimavennleg matproduksjon utan at det går ut over produksjon, arealbruk, dyrevelferd og dyrehelse. Klimakoordinatoren arbeider tett med både rådgjevingstenesta, faglag, forvalting og bonden, han må ha nettverk og kunne løfte fram dei gode eksempla innan næringa. Klimakoordinatoren skal syte for at utviklinga av klimakalkulatoren er tilpassa vestlandsjordbruket og våre utfordringar. Han drifter nettsida til prosjektet www.KlimaVest.no, og driv prosjektet framover både fagleg og økonomisk.

Vi søkjer deg som har kjennskap til vestlandslandbruket og klimaarbeidet i næringa. Du har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg og er ikkje redd for å halde foredrag og presentasjonar. Du har evne til å motivere og byggje relasjonar med bøndene. Du må kunne arbeide sjølvstendig og levere resultat.

Vestland Landbruksselskap er eigar av prosjektet, men det er Vestland Bondelag som er arbeidsgjevar.

Vestland Bondelag har avdelingskontor i Førde og Bergen og klimakoordinatoren vil få kontorplass her. Kontorplass kan verte kombinert med heimekontor. Noko reiseverksemd må påreknast.

Prosjektperioden løpar i utgangspunktet til 31.12.2024.

 

Vi tilbyr godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, noko reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig løn.

Nærare opplysningar om stillinga ved organisasjonssjef Lars Peter Taule, mobil: 908 58 555, Ole-Bjarne Hovland, leiar i styringsgruppa for prosjektet, mobil: 901 16 218 eller personalsjef Catharina B. Andersen, mobil: 905 15 151.

Søknad med CV vert å sende innan 9. august 2022, til Norges Bondelag.

Om arbeidsgiveren

Norges Bondelag er ein fagorganisasjon for både bønder og alle andre som meiner at norsk matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere landbruket si tyding for samfunnet. Vi har over 63.000 medlemer fordelt på meir enn 500 lokallag. Det er 115 tilsette i organisasjonen, derav 57 ved hovudkontoret i Oslo og 58 fordelt på organisasjonen sine 17 fylkeskontor.

Sektor
Organisasjoner
Sted
6800 Førde
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Annet

Nøkkelord

Klimakoordinering, Klimaarbeid, Klimakalkulator

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lars Peter Taule
Stillingstittel
Organisasjonssjef
Mobil
90 85 85 55
Kontaktperson
Ole-Bjarne Hovland
Stillingstittel
Leiar i styringsgruppa
Mobil
90 11 62 18
Følg firma
215 følger dette firmaet

6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 263634363
Sist endret 9. aug. 2022 09:32

Rapporter annonse