Utløpt

Ledig stilling helsefagarbeider/pleiemedarbeider

Arbeidsgiver
Austevoll kommune Austevoll PO-senter
Stillingstittel
Engasjement ved Austevoll pleie og omsorgssenter
Frist
10.07.2022
Ansettelsesform
Engasjement

Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll P. O Senter:

Austevoll P. O Senter har kapasitet for 52 plassar fordelt  på 6 avdelingar. Vi har eitt tilbod for lindrande behandling, ein akutt plass, 20 plassar ved spesialavdelingar; der det er 10 plassar for personar med demens, 10 plassar ved psykogeriatrisk avdeling, og dei resterande 30 plassane er på somatiske langtidsavdelingar.

  • 1 stk  ledig engasjement stilling i turnus med arbeid anna kvar helg på dag og kveld, stillingsstorleik 64%
  • 1 stk ledig engasjement stilling i turnus med  arbeid anna kvar helg på dag og kveld, stillingsstorleik 80 %

Det er ei føremon med helsefagleg bakgrunn, men andre kan og søkje.

Ansvars- og Arbeidsoppgåver

Pleie og oppfylging av bebuar

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha gyldig politiattest av ny dato.

Vi er ein organisasjon i endring, og ynskjer omstillingsdyktige arbeidstakarar. Du må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med mange spanande arbeidsoppgåver; som krev at du er løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet. Alle tilsette bidreg på kvar sin måte med dei evnene og ressursane ein har, som sikrar at bebuarar og pårørande får eit godt tilbod hos oss.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 500 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

Austevoll, pleie., omsorg, helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Søderberg
Telefon
95 74 24 86
Følg firma
76 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 263132467
Sist endret 23. jun. 2022 13:34

Rapporter annonse