Utløpt

100 % undervisningsstilling i årsvikariat innan teknologi- og industrifag - TIF

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
100 % undervisningsstilling i årsvikariat innan teknologi- og industrifag - TIF
Frist
31.07.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.

Arbeidsoppgåver


Måløy vidaregåande skule har utdanningsprogrammet teknologi- og industrifag med to klassar på Vg1, og tre klasser på Vg2: køyretøy, og maritime fag med fordjuping innan matros og motormann. Skulen har også YSK/TAF utdanning innan industriteknologi. 

Stillinga vil omfatte undervisning i programfag på Vg1 og Vg2. Undervisning innan YSK/TAF industriteknologi kan også bli aktuelt. 

 

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse jf. forskrift til opplæringslova §14-4.
Kompetanse innan programområdet teknologi- og industrifag
Relevant fagbrev i eitt eller fleire fagområde innan industriteknologi
Teoretisk utdanning på fagskule eller høgskulenivå
Praksis frå fagområdet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse



Personlege eigenskapar

Vi ønskjer utviklingsorienterte personar med gjennomføringsevne, og som er villig til å dele kunnskap med andre tilsette på avdelinga. Vi vektlegg eit positivt elevsyn, kreativitet og gode samarbeidsevner for å nå felles mål.

Kjennskap til lokalt næringsliv er ynskjeleg. 

 

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.


Fellesinfo for stillinga
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.

Gode forsikrings - og pensjonsordningar. Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillinga. Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar.

Søknadsfrist 17.mai 2022.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen
Bransje
Barn, skole og undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anita Olaug Otneim Hoddevik
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
99 70 45 72
Følg firma
1047 følger dette firmaet

Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 263040134
Sist endret 22. jun. 2022 14:01

Rapporter annonse