Utløpt

Teiknspråktolk

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Teiknspråktolk
Frist
31.07.2022
Ansettelsesform
Fast

Måløy vidaregåande skule treng teiknspråktolk. Teiknspråktolken si primære oppgåve er å tolke for einskildelev/-ar mellom teiknspråk og norsk. Vi legg opp til tolking i to-tolk system.

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse).  Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.

Arbeidsoppgåver

  • Tolking for høyrselshemma og døve i undervisninga på vidaregåande skule. Arbeidsspråk er i hovudsak frå norsk munnleg til teiknspråk.
  • Bidra til betre kommunikasjonsflyt mellom høyrande lærar og elevar og høyrselshemma elevar.
  • Informasjonsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Arbeidet vil i hovudsak føregå på Måløy vidaregåande skule.
  • Tolke undervisning og aktivitetar i løpet av skuledagen og andre aktivitetar i regi av skulen.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend tolk for høyrselshemma, døve og døvblinde.
  • Relevant erfaring er ein fordel.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne.
  • Grunnleggande IKT-kunnskapar.
  • Kompetanse i tolking til og fra nordiske språk og engelsk er ønskeleg.
  • God rolleforståing.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • God til å samarbeide og til å bygge relasjonar.
  • Sjølvstendig og initiativrik.
  • Fleksibel og omstillingsdyktig.

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabiltert klasserom og verkstadar. Skulen har eit insprerande og nyskapande profesjonsfellesskap.

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjend politiattest.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Tolk/oversetter

Nøkkelord

Teiknspråktolk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anita Olaug Otneim Hoddevik
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
99 70 45 72
Følg firma
1072 følger dette firmaet

Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 263036753
Sist endret 22. jun. 2022 13:32

Rapporter annonse