Utløpt

Reinhaldar/Reinhaldsoperatør

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/Reinhaldar
Frist
03.07.2022
Ansettelsesform
Fast

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga
skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald,
vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca.
750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedomsavdelinga får totalt ca. 370 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler.

 

Måløy vidaregåande skule har ca. 350 elevar og 85 tilsette. Skulen tilbyr heile åtte ulike utdanningsprogram med fleire moglegheiter innanfor kvart program. Særleg er vi kjende som den einaste vidaregåande skulen i nordre del av Vestland som tilbyr maritime fag.

Vi har ledig 1 x 50 %  og 1 x100% fast stilling som reinhaldar ved Måløy vidaregåande frå 15. august 2022.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget. Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev og med erfaring kan og vere aktuelle. 

Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule.
Variabel arbeidstid både dag- og kveldstid må påreknast.

 

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin etter INSTA 800

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som reinhaldar eller erfaring som reinhaldar
  • Praktisk yrkeserfaring
  • Gode norskkunnskaper, da arbeidsspråket er norsk
  • Førerkort klasse B er eit ønske.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
  • Fleksibel
  • Kjennskap til databasert verktøy 
  • Like å jobbe blant ungdom

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nordfjordvegen, 6718 Deknepollen
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Renhold

Nøkkelord

renhold

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Agnieszka Wiktoria Zawadzka
Stillingstittel
reinhaldsleiar m/fagbrev   
Telefon
46 26 74 11
Kontaktperson
Hanne Hougaard Bisgaard
Stillingstittel
Regionsleiar
Telefon
95 78 94 00
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Nordfjordvegen, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 262458802
Sist endret 17. jun. 2022 11:07

Rapporter annonse