Vi treng deg som vil jobbe med å få meir folkedans ut til folket

Arbeidsgiver
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Stillingstittel
fagkonsulent/rådgjevar
Frist
26.06.2022
Ansettelsesform
Engasjement

Vi har ledig 100% midlertidig stilling som fagkonsulent/førstekonsulent(bachelorkrav) eller rådgjevar (masterkrav) folkedans ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i eitt år frå 1. september. Det kan bli høve til fast arbeid vidare. Arbeidsstad Trondheim.

Som konsulent/rådgjevar dans vil du ha ansvar for å koordinere, følgje opp og leggje til rette for aktivitetar i det nye folkedansprogrammet ved senteret – Dansespor – og delta i utviklinga av programmet som er i oppstartsfasen. Kurs skal planleggjast og organiserast praktisk, og folk skal rekrutterast til å delta i programaktivitet. Arbeidet skal skje i godt samarbeid med administrative og fagtilsette på senteret som skal bidra inn i aktivitetane. Undervisning og rådgjeving til deltakarar etter kvalifikasjonar.

Viktige arbeidsoppgåver er:

·      Vera med å utforma attraktive formidlingsmetoder for folkedans

·      Utvikle aktiviteten for få meir kunnskap og kjennskap til folkedans (i det nye programmet)

·      Planleggje og leggje til rette for gjennomføring av programaktivitetar

·      Folkedansformidling i det nye programmet

·      Skape marknadsmateriell i samarbeid med kommunikasjonskoordinatoren

·      Lage og følgje opp avtalar og følgje budsjett

·      Delta i felles koordineringsaktivitetar med alle fagtilsette på senteret

·      Andre oppgåver som trengs på senteret

Vi ønskjer oss:

Ein kollega som er open, omgjengeleg, sjølvstendig og uredd, og som brenn for formidling av folkedans og folkemusikk. Du må kunna kommunisere godt med andre, og vera god til å samarbeide med ulike folk. Du har spesiell interesse for og/eller kompetanse innan folkemusikk og folkedans. Du bør ha erfaring frå frivilligheit, prosjektleiing, administrasjon, og kunna uttrykkje deg tydeleg og godt skriftleg og munnleg. God erfaring kan gjera opp for manglande relevant utdanning.

Kvalifikasjonar:

·      har høgare utdanning innan relevante fag – helst innan folkedans/-musikk

·      har undervisningserfaring

·      ha analytisk tilnærming til folkemusikk og folkedans

·      får ting til å skje, tek ansvar, og likar å jobbe med utvikling

·      likar å ha mange ballar i lufta samtidig, men klarer òg å få dei ned

·      er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt, og likar å jobbe i team

·      er omgjengeleg, sosialt trygg og samlande

·      har kunnskap og kjennskap til folkemusikk og folkedansmiljøet og kulturlivet

 Vi kan tilby:

·      eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske kollegaer

·      god pensjons- og forsikringsordning

·      lønn etter avtale og arbeidsvilkår etter Landsoverenskomsten for museum og kulturinstitusjonar

·      fleksibel arbeidstid


Om arbeidsgiveren

Om organisasjonen: Norsk senter for folkemusikk og folkedans(Sff) sitt mål er å fremja, verna og føra vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som bærar av særeigne kvalitetar. Målet skal nåast gjennom å samordne innsatsen i fagfeltet, bygge kunnskap og forståing om folkemusikk og folkedans, styrke sakkunnskap i offentleg forvalting og drive vitskapleg arbeid

Sff ønskjer å løyse utfordringa med at det er for lite kjennskap og kunnskap om folkedans og for lite attraktiv formidling. Difor vil det nye langsiktige programmet Dansespor ha som mål å laga aktivitet som gir kjennskap og kunnskap om folkedans, og så vil vi vise og leggje til rette for meir attraktiv formidling blant anna gjennom kurs og nettverk, tilpassa tilskotsordning og mentor-verksemd

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Dragvoll idrettssenter, 7041 Trondheim
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Undervisning og pedagogikk,
Annet
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

folkedans, formidling, kunnskap, folkemusikk, kulturarv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ellen Krageberg
Stillingstittel
Direktør
Mobil
911 42 611
Kontaktperson
Siri Mæland
Stillingstittel
Seniorforsker
Mobil
402 41 821
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
4 følger dette firmaet

Dragvoll idrettssenter, 7041 Trondheim

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 262047133
Sist endret 23. jun. 2022 12:10

Rapporter annonse