Heimen Husfliden søkjer etter ein produksjonstilsett
- Arbeidsgiver
- Heimen Husfliden
- Stillingstittel
- Bunadstilvirker
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Engasjement
Vi søkjer ein serviceinnstilt, strukturert og ansvarsbevisst medarbeidar til produksjonsavdelinga vår. Du må vere glad i å jobbe som del av eit team og å gi imøtekommande og god service til alle kundar.
Ansvar og oppgåver
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver med saum av mange ulike bunader, produksjon av materialpakker og administrative oppgåver.
Arbeidsoppgåvene omfattar tilskjæring, påteikning og klipp av skjorter og bunader, saum av bunader, innprøving og retting av bunad. I tillegg kjem diverse administrative oppgåver og kundekontakt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du er fleksibel og ansvarsfull og har godt humør.
Du må ha svennebrev innan saumfag eller tilsvarande utdanning.
Du har gode samarbeidsevner og innsatsvilje og er god på kundebehandling.
Minimum tre års arbeidserfaring.
Vi tilbyr
Ryddige arbeidsforhold og trivelege, kunnskapsrike kollegaer.
Eit godt arbeidsfellesskap med høg kompetanse på bunad og saum.
Tarifflønn.
Personalrabattar.
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei systove med lange tradisjonar!
Om arbeidsgiveren
Heimen Husfliden har to store avdelingar i Oslo sentrum; Rosenkrantz’ g. 8 og Glasmagasinet.
Avdelinga i Rosenkrantz’ gate 8 består av produksjonsavdeling og butikk. Butikken i R8 fokuserer på bunad og bunadstilbehør, og har i tillegg eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar rotfesta i norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.
I butikken på Glasmagasinet finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.
Heimen Husfliden er ein del av Heimen Husfliden AS. Divisjonen består også av Solhjell AS, som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Sted
- Arbeidergata 1, 0159 Oslo
- Bransje
- Tekstil,
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Håndverker
- Arbeidsspråk
- Norsk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ellen Øverland
- Stillingstittel
- Produksjonsleiar
- Kontaktperson
- Hilde Øya
- Stillingstittel
- Dagleg leiar