Utløpt

2 ledige stillingar i 4H Sogn og Fjordane

Arbeidsgiver
4h Norge
Stillingstittel
Organisasjonsrådgiver
Frist
23.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med 4H Norge

Har du lyst på ein variert og spanande arbeidsdag? Vil du vere med å utvikle ein av Noregs kjekkaste barne og ungdomsorganisasjonar? Er du utadvendt, engasjert og god på samarbeid? Då ynskjer vi å høyre frå deg! 

4H Sogn og Fjordane har 2 ledige stillingar som organisasjonsrådgjevarar. Vikariatet varer til og med 31. 12. 23. Tilsetjing snarast råd. Søknadsfrist 23. februar.

Arbeidsoppgåver fast stilling 60%

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere arrangement og prosjekt
  • Skrive søknader og rapporter
  • Ide- og organisasjonsutvikling

Arbeidsoppgåver vikarstilling 80%

  • Økonomi og rekneskap
  • Tett kontakt med dei 65 lokale klubbane i regionen
  • Nettverksbygging
  • Informasjonsarbeid

Vi søker etter:

Vi søkjer deg som ynskjer nye utfordringar, som er glad i å snakke med folk og som likar å jobbe med arrangement og prosjekt. Du må vere klar for ein variert og innhaldsrik kvardag. Du må kunne arbeide sjølvstendig, samstundes som ein arbeider som team. 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning eller fagbrev. Minimum 2 års relevant erfaring kompenserer for utdanning.
  • Engasjert og lærevillig
  • Gode evner innan kommunikasjon og samarbeid med mot barn og unge. 
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT
  • Kjennskap til økonomi og administrasjon i frivillige organisasjonar
  • Erfaring med frivillig arbeid, arrangement og prosjektorganisering
  • Viktige eigenskapar: sjølvgåande, serviceinnstilt, profesjonell, kvalitetsbevisst, fleksibel og effektiv.

Du blir ein del av

Eit engasjerande arbeidsfellesskap i ein av Noregs største barne og ungdomsorganisasjonar.

Ein variert arbeidskvardag med moglegheit for påverknad, læring og sjølvutvikling.

Arbeidsvilkår

  • Løn etter avtale
  • Politiattest må leggast fram før tilsetjing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Sogn og Fjordane, Hafstadgården i Førde. Ein må rekne med kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B, samt moglegheit for disponering av bil. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som nærmaste overordna.

Om arbeidsgiveren

4H er en barne- og ungdomsorganisasjon. I 4H møtes 11.000 barn og unge i 500 4H-klubber. Formålet er å skape en aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsfølelse og respekt for natur og mennesker.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Antall stillinger
2
Sted
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Bransje
Event og arrangementer,
Ideelle organisasjoner,
Annet
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Kurs og opplæring,
Økonomi og regnskap
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve jørgensen
Stillingstittel
Regionkoordinator for 4H i vest
Mobil
96 09 67 73
Følg firma
129 følger dette firmaet

Fjellvegen 11, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 260813869
Sist endret 18. mar. 2023 08:52

Rapporter annonse