Utløpt

Vakre og familievennlege Fjaler kommune søker ny fastlege!

Arbeidsgiver
Fjaler Kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Det er no ledig ei fastløna 100% stilling som lege i Fjaler kommune. Legen vil ha ansvar for kommunale oppgåver på helsestasjonen i tillegg til fastlegeliste. Legepraksisen skal vere i samsvar med lov om kommunale helse og omsorgstenester, fastlegeforskrifta og anna relevant helselovgjeving. Som eit alternativ til fastløn kan legen få tilbod om driftstilskot. Fjaler legekontor har til saman tre fastlegar og ein LIS1 lege, i tillegg til tre stabile sjukepleiarar som syt for støttefunksjonane. Fjaler kommune er med i SYSIKL interkommunale legevaktsordning. Ordninga har i utgangspunktet låg vaktbelastning og stor fleksibilitet, der det er mogleg å få fleire vakter dersom ein ønskjer det. Det er viktig med god kommunikasjon og god samhandling både med leiinga og einingar internt i kommunen, og med publikum og andre eksterne instansar. Legekontoret nyttar info.doc journalsystem.
 

Fjaler kommune søker ny fastlege i 100% fast stilling


Arbeidsoppgåver
  • Helsestasjonslege 20% stilling
  • Fastlegeliste på 900 pasientar og deltaking i den interkommunale legevaktordninga
  • Planlegging, utvikling og driftsoppgåver knytta til til ansvars- og arbeidsområdet
  • Fastlegen kan få kommunale tenester innanfor rammene som er lagt i ASA 4310
  • Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
  • Kvalitetssikring og tilsyn, rådgjeving i forbindelse med klagehandtering
  • Oppgåver innan kartlegging, forsking, fagutvikling og undervisning

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på at personen er eigna til stillinga
  • Førarkort kl. B er ein fordel
Lege som ikkje er spesialist i allmennmedisin, må plikte seg til å fullføre spesialisering etter tilsetting. Arbeidsgjevar stiller med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering i allmennmedisin.

Personlege eigenskapar
  • Gode samhandlingevner og fleksibilitet
  • God på kommunikasjon og rettleiing
  • Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig

Fjaler kommune tilbyr
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
  • Ein vakker og familievenleg kommune å jobbe i
Dersom du har spørsmål til denne stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med sr. rekrutteringsrådgivar, Per Erik Henriksen, på tel: 91781819. 

Om arbeidsgiveren

Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med omlag 3000 innbyggjarar. Dei fleste er busett i og omkring administrasjonssenteret Dale eller i Flekke. I Flekke ligg Røde Kors Nordisk United World College, der det går 200 elevar frå heile 80 land. Den internasjonale skulen vart bygd i tilknyting til Haugland rehabiliteringssenter. Pecom, som jobbar med prosjektleiing innan energi, industri og offshore, Hywer AS, og ingeniørfirmaet Hansen Technologies Norway AS er viktige bedrifter for kommunen. Det er også industriområdet Lutelandet. Kunst og kultur er viktig for Fjaler. Kanskje nettopp fordi ein av Norges mest folkekjære diktarar vaks opp i Dale? På Jakob Sande-tunet kan ein besøke staden der diktaren vart fødd. Du kan også bli med på kulturvandring i Jakob Sande sine fotspor. I tillegg kan du besøke Nordisk Kunstnarsenter Dale. Kvart år i september vert Teaterfestivalen arrangert i Fjaler. Der får ein presentert engasjerande scenekunst av høgt kunstnarleg kvalitet. Det vert også invitert til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i forskjellege tema. Eit rikt organisasjonsliv med allsidige kultur- og fritidstilbod og gode skular og barnehagar i nærmiljøet, gjer Fjaler til ein god og trygg stad å vekse opp og bu i.

Sektor
Offentlig
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin,
Lege,
Ledelse

Nøkkelord

Lege, Smittevern, Ledelse, Kriseberedskap, kommuneoverlege

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Erik Henriksen
Stillingstittel
Senior rekrutteringsrådgiver
Telefon
91 78 18 19
Kontaktperson
Jon Bjørbekk
Stillingstittel
Senior rekrutteringsrådgiver
Telefon
95 21 15 80
Følg firma
852 følger dette firmaet

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 260661929
Sist endret 7. jul. 2022 11:21

Rapporter annonse