Utløpt

Seniorrådgjevar analyse og kvalitet

Arbeidsgiver
NAV
Stillingstittel
Seniorrådgjevar analyse og kvalitet
Frist
26.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NAV

Er du analytisk og kunnskapsrik? Har du erfaring med analyse på økonomiområdet og er på jakt etter nye utfordringar? Då har du sjansen til å bli ein del av NAV sitt økonomimiljø på Leikanger. 

Om stillinga
NAV Økonomiteneste (ØT) leverer interne lønns- og rekneskapstenester til NAV, og vi er no på jakt etter ein erfaren seniorrådgjevar med interesse for rekneskap, analyse og kvalitetsarbeid. I denne stillinga vil du få ansvar for analyseteamet som jobbar med å utføre rekneskapsanalysar, som er viktige for å sikre god styring av NAV. I samarbeid med kompetente medarbeidarar vil du også jobbe med å vidareutvikle vårt kvalitetsmiljø, og bidra til at våre prosessar blir endå betre.
Økonomiområdet i NAV er under utvikling, og oppgåvene dine vil endre seg i takt med behovet for din kompetanse. 

Arbeidsoppgåver

På kort sikt:

  • Vere ansvarleg for det tverrgåande analyseteamet i ØT
  • Gjennomføre analyser på fagområda våre, i tett dialog med leiargruppa,  seksjonane og andre samarbeidspartnarar
  • Ivareta heilheitsperspektivet på NAV Økonomiteneste sine fagområde
  • Delta i arbeidet med å bygge opp eit kvalitetsmiljøet i ØT, og sørge for gode prosessar på dette området
  • Samhandle med nøkkelpersonar i ØT og i direktoratet med tanke på oppfølging av rekneskapskvaliteten i NAV

Det vil på lengre sikt vere aktuelt at du bidreg i arbeidet med å innføre statlege rekneskapsstandardar (SRS) i NAV

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå. Dersom kandidaten har lang og relevant arbeidserfaring kan utdanningskravet fråvikast noko
  • Fagleg tyngde innanfor økonomi og rekneskap
  • Erfaring frå leiing eller prosjektarbeid (t.d. teamleiar, prosjektleiar eller personalleiar)
  • Erfaring frå analyse og utgreiingsarbeid

For å lykkast i denne rolla kjenner du deg kanskje igjen i dette
Du har gode analytiske evner, og du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre. Du kan sjå det store biletet, samtidig som du har auge for detaljar. Du tek initiativ og engasjerer dei rundt deg, og du kommuniserer godt med folk i alle delar av verksemda. Du jobbar strukturert og du evner å prioritere mellom ulike oppgåver. Di erfaring med analysearbeid har lært deg at analysen i seg sjølv ikkje er nyttig med mindre ein evner å omsette resultata til forbetringstiltak. Dette får du til gjennom evna til å formidle på ein pedagogisk og engasjerande måte. 

Kven er vi?
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 19 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke. 

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagmiljø med spennande oppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida
  • Lønn som seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 543 500 – 650 300 brutto pr. år
  • For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
 Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor.

Om arbeidsgiveren

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  



NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.



For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 


NAVstilling

Sektor
Offentlig
Sted
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Revisjon,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

analyse;, rekneskap;, økonomi;, kvalitet;

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Arve Hatlevoll
Stillingstittel
Assisterande direktør
Telefon
916 32 837
Kontaktperson
Herdis Ulveseth
Stillingstittel
Direktør
Telefon
997 18 546
Følg firma
2969 følger dette firmaet

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 259619236
Sist endret 8. jun. 2022 21:01

Rapporter annonse