Utløpt

Teknolog

Arbeidsgiver
NAV
Stillingstittel
Teknolog
Frist
26.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NAV

Er du ein utviklingsorientert teknolog på jakt etter draumejobben mellom fjell og fjord? Då er dette jobben for deg! Vi i NAV Økonomiteneste (ØT) jobbar kvar dag for å tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til NAV, og no ser vi etter deg som vil jobbe med automatisering av økonomiprosessar og bidra til utvikling på nye område. 

NAV Økonomiteneste ligg i front i NAV når det gjeld bruk av RPA. Vi har dei siste åra implementert RPA-prosessar for å gjere arbeidsprosessane meir effektive og frigjere verdifull tid. Vi har i dag om lag 10 prosessar i drift, og RPA-teamet hjå oss sørger for utvikling, drift og vedlikehald. Du vil bli ein del av dette teamet, og du vil på denne måten bidra til å auke rekneskapskvaliteten i NAV ved hjelp av automatiserte kontrollar. På økonomiområdet skal NAV snart implementere fleire nye løysingar, og også her har vi behov for din kompetanse. Vi skal ta i bruk eit nytt finansielt datavarehus (Snowflake) og nye verktøy for budsjett, prognose og rapportering. Her kan du mellom anna få moglegheit til å lære deg å utvikle i nye BI-verktøy som MicroStrategy og ThoughtSpot.

Nye løysingar på økonomiområdet i NAV vil gi både auka effektivitet og heve rekneskapskvaliteten i NAV, men det vil i tillegg gi våre medarbeidarar ein ny arbeidskvardag i nye verktøy. I dette ligg det mange moglegheiter for digital kompetanseheving, og du vil få ei sentral rolle i den digitale reisa til ØT.  

Hjå oss får du moglegheit til vere med og forme stillinga sjølv. NAV IT har eit stort, framoverlent IT-miljø som du vil bli ein del av, både gjennom samarbeid og kompetanseheving. Oppgåver og innhald i stillinga vil kunne utvikle seg i takt med arbeidsgjevar sitt behov, samt kompetanse og interessefelt til deg som søkar.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for IT-utvikling ved ØT
  • Teamleiar for RPA-team og superbrukarar
  • Designe, utvikle og programmere RPA-prosessar i samsvar med NAV sitt rammeverk og retningslinjer
  • Planlegge og gjennomføre produksjonssettingar, endringar og forbetringar på eksisterande RPA-prosessar
  • Sikre stabil drift og produksjon av RPA-prosessar og sørge for god dokumentasjon av prosessane
  • Bidra i implementeringa av nye økonomiløysingar i NAV
  • Sikre at ØT følger med på den digitale utviklinga, ved å delta på relevante arenaer for kompetansedeling både i og utanfor NAV.

For å lykkast i denne rolla kjenner du deg kanskje igjen i dette
Du har ein genuin interesse for teknologi og utvikling, og du likar å dele din kunnskap med andre. Du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre, og du har evne til å prioritere mellom oppgåver. Du er ein lagspelar som bidreg positivt i teamet du er ein del av, samstundes som du har evna til å ta leiing og sikre framdrift og kontinuitet når dette trengs. Du er god på å sjå det store biletet, og kan sette deg inn i nye fagområde og arbeidsprosessar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, eller du har relevant arbeidserfaring som kan kompensere for lågare utdanningsnivå
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • God prosess- og forretningsforståing

Det er ynskjeleg at du har

  • Erfaring med RPA, i UiPath eller tilsvarande programvare
  • Erfaring med programmeringsspråk som Visual Basic, C# eller andre
  • Interesse for å lære nye teknologiar og trendar innanfor IT
  • Kjennskap til generell IT-utvikling og drift

Kven er vi?
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 19 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke. 

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande oppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida
  • Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 524 900 – 626 100 brutto pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor.

Om arbeidsgiveren

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  



NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.



For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 


NAVstilling

Sektor
Offentlig
Sted
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell)

Nøkkelord

RPA,UiPath,Visual, Basic,teknologi,utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingeborg Husabø Bjørseth
Stillingstittel
Fungerande seksjonsleiar fagstøtte
Telefon
482 94 414
Følg firma
2969 følger dette firmaet

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 259513058
Sist endret 8. jun. 2022 21:03

Rapporter annonse