Utløpt

Spennande stilling som produkteigar

Arbeidsgiver
NAV
Stillingstittel
Produkteigar på økonomiområdet
Frist
07.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NAV

Brenn du for forretningsutvikling, digitalisering og den gode brukaropplevinga? 

Dette er ein unik sjanse til å bli med på digitalisering av økonomiløysingane i NAV. Vi jobbar kvar dag for å tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til NAV, og no styrkar vi laget med ein utviklingsorientert og erfaren produkteigar på økonomiområdet.  

NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for NAV sine 19.000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke. 

Arbeidsoppgaver

Økonomiområdet i NAV er under utvikling og vi skal mellom anna ta i bruk nye løysingar for bestilling, faktura, analyse og rapportering. Vi kjøper standardløysingar som skal takast i bruk i NAV for å gi høgare effektivitet, auka kvalitet og ein betre arbeidskvardag for dei tilsette. I denne stillinga vert du produkteigar på fakturaområdet, og du får ansvar for å lede teamet som skal innføre og forvalte ei heilt ny fakturaløysing i NAV. Teamet er tverrfagleg og består av medarbeidarar med både økonomi- og IT-kompetanse. 

Du skal:

  • Ha ansvar for at fakturaløysinga møter konkrete brukarbehov
  • Sørge for eit heilskapleg perspektiv på fakturaområdet
  • Sikre teamet sitt strategiske fokus, og at teamet prioriterer godt
  • Sørge for at innføring og forvaltning vert gjennomført på ein slik måte at det skaper forutsigbarheit for brukarar og andre interessentar 
  • Sikre at teamet samhandlar med alle relevante interessentar
  • Løfte hindringar og utfordringar som teamet ikkje kan løyse sjølv
  • Sikre at vi tilbyr ei fakturaløysing som svarar ut konkrete brukarbehov, som er innanfor gitte rammer og som oppfyller krava i økonomireglementet i staten

Kvalifikasjonar

Du har:

  • Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå, eller du har lang relevant arbeidserfaring som kan kompensere for lågare utdanningsnivå 
  • Erfaring frå produktutvikling, prosjektleiing eller anna leiarerfaring 
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg 

God økonomiforståing og kjennskap til økonomiregelverket i staten er ein fordel. 

For å lykkast i denne rolla kjenner du deg kanskje igjen i dette 

Du trivst med å jobbe tverrfagleg, og du forstår at produkta og tenestene må vere så enkle som mogleg for brukarane. Du kan sjå det store biletet, samtidig som du har auge for detaljar. Du er kreativ og ser nye løysingar der andre tenker tradisjonelt. Du jobbar hardt for å nå måla dine, og du evner å prioritere kva som er viktig og kva som kan vente. Du likar å jobbe saman med andre, og veit at rollen som produkteigar krev tett samarbeid med folk frå ulike fagmiljø på tvers av verksemda. 

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande oppgåver 
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar 
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida 
  • Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 524 900- 637 900 brutto pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast 
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse 

Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor. 

Om arbeidsgiveren

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  



NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.



For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 


NAVstilling

Sektor
Offentlig
Sted
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Produktledelse,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

produkteier;, faktura

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Herdis Ulveseth
Stillingstittel
Direktør
Telefon
997 18 546
Kontaktperson
Katrine Evebø
Stillingstittel
Fungerande seksjonsleiar
Telefon
959 72 126
Følg firma
2969 følger dette firmaet

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 259476342
Sist endret 1. jun. 2022 14:05

Rapporter annonse