Rådgivar økonomistyring
- Arbeidsgiver
- Helse Vest IKT
- Stillingstittel
- Rådgivar økonomistyring
- Frist
- 10.06.2022
- Ansettelsesform
- Fast
Seksjon LIBRA-forvalting har ansvar for forvalting innan forretningsområda budsjett, rekneskap, bestilling og varelogistikk med systemet SAP S4/HANA, samt forvalting av tilhøyrande arbeidsprosessar og masterdata. Løysinga er kritisk for effektive støtteprosessar i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet. Vi står midt i mellom leverandør som forvaltar koden og drifter systemet, og dei som skal bruke det – vi er bindeleddet. Det er difor viktig at våre medarbeidarar både forstår og evnar å snakke "sjukehus-språk" på kundesida, og teknikar-språk med våre leverandørar. Vi vil verdsette relasjonsevner høgt i rekrutteringa, og vi ser etter personar som både tør å spørje for å forstå, som deler kunnskapen sin fritt, men som òg tør å ta initiativ og styring når det skal til.
Seksjonen har oppretta mange ulike roller for å ivareta forvalting og vidareutvikling av vår SAP-installasjon og vi treng no fleire medarbeidarar til å dekke eit større ansvarsområde og ei aukande oppdragsmengde. I den komande tida skal vi styrke kapasiteten både innan rådgjeving, dataforvaltning, teknisk forvaltning/leverandøroppfølging og brukarstøtte.
Vi ynskjer spesielt å styrke vår kapasitet og kompetanse med ein rådgivar med inngåande kjennskap til budsjett, prognose og rapportering, samt kjennskap til rekneskap. Du har gjerne erfaring med SAP eller tilsvarande ERP-system. Helse Vest skal no ta i bruk meir funksjonalitet i SAP 4/Hana og i dei komande åra vil fleire og fleire arbeidsprosessar og system bli integrert.
Kandidatar vert vurderte etter kvart som dei søkjer.
Arbeidsstad: Bergen eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver
- Prosessutvikling
- Møteleiing
- Leverandørkontakt
- Problemhandtering
- Fagleg ressurs økonomistyring
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå
- Særs god fagleg kompetanse innan økonomistyring og rekneskap
- God kjennskap til SAP eller likande ERP-system er ein fordel
- God forståing av brukarane sine behov og arbeidsprosessar
- Særs god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
- Evne til å jobbe i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø
- Kandidatar med kortare arbeidserfaring kan også søke
Personlege eigenskapar
- Du har god forretningsforståing, og evnar å sjå heilskap
- Du evnar å jobbe godt sjølvstendig og i team
- Du finn fleksible løysinger på krevende problem
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du er serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Medverke til å forme IKT-løysingar for eit helsevesen for framtida
- Spanande oppgåver med gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fleksible arbeidsordningar, herunder fleksitid
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Om arbeidsgiveren
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 670 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder
-
- 4068 Stavanger
- Bransje
- IT,
- IT - programvare
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning,
- IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
- IT drift og vedlikehold / IT-support
Nøkkelord
SAP, 4/HANA
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Fredrik C. Birkenfeldt
- Stillingstittel
- Konst. seksjonsleiar
- Telefon
- 94 81 28 27
5052 Bergen