Utløpt

Dataforvaltar 2. linje brukarstøtte

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Dataforvaltar 2. linje brukarstøtte
Frist
10.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS
Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderer alt frå store, komplekse regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.  
 
Seksjon LIBRA-forvalting har ansvar for forvalting innan forretningsområda budsjett, rekneskap, bestilling og varelogistikk med systemet SAP S4/HANA, samt forvalting av tilhøyrande arbeidsprosessar og masterdata. Løysinga er kritisk for effektive støtteprosessar i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet. Vi står midt i mellom leverandør som forvaltar koden og drifter systemet, og dei som skal bruke det – vi er bindeleddet. Det er difor viktig at våre medarbeidarar både forstår og evnar å snakke "sjukehus-språk" på kundesida, og teknikar-språk med våre leverandørar. Vi vil verdsette relasjonsevner høgt i rekrutteringa, og vi ser etter personar som både tør å spørje for å forstå, som deler kunnskapen sin fritt, men som òg tør å ta initiativ og styring når det skal til.  
 
Seksjonen har oppretta mange ulike roller for å ivareta forvalting og vidareutvikling av vår SAP-installasjon og vi treng no fleire medarbeidarar til å dekke eit større ansvarsområde og ei aukande oppdragsmengde. I den komande tida skal vi styrke kapasiteten både innan rådgjeving, dataforvaltning, teknisk forvaltning/leverandøroppfølging og brukarstøtte.  
 
Vi ynskjer spesielt å styrke vår kapasitet og kompetanse med ein dataforvaltar på vår 2. linje brukarstøtte med inngåande kjennskap til saksbehandling og kundekontakt. Du har erfaring med SAP. Helse Vest skal no ta i bruk meir funksjonalitet i SAP 4/Hana og i dei komande åra vil fleire og fleire arbeidsprosessar og system bli integrert.  
 
Kandidatar vert vurderte etter kvart som dei søkjer.  
 
Arbeidsstad: Bergen eller Stavanger.  

Arbeidsoppgåver

  • Prosessarbeid
  • Kundekontakt 
  • Leverandørkontakt
  • Saksbehandling
  • Feilsøking i løysing
  • Testing av løysing

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå
  • Særs god generell IKT-kompetanse
  • God kjennskap til SAP er ein fordel 
  • God forståing av brukarane sine behov og arbeidsprosessar  
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Evne til å jobbe i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø
  • Kandidatar med kortare arbeidserfaring kan også søke 

     

Personlege eigenskapar

  • Du evnar å jobbe godt sjølvstendig og i team
  • Du finn fleksible løysinger på krevende problem
  • Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du er serviceinnstilt 

Vi tilbyr

  • Medverke til å forme IKT-løysingar for eit helsevesen for framtida
  • Spanande oppgåver med gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar. 

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 670 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor
Offentlig
Sted
5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4068 Stavanger
Bransje
IT,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support

Nøkkelord

LIBRA,, SAP,, HANA,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Fredrik Carl Birkenfeldt
Stillingstittel
Konst. Seksjonsleiar
Telefon
94 81 28 27
Følg firma
826 følger dette firmaet

5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 259123624
Sist endret 20. mai 2022 15:21

Rapporter annonse