Utløpt

Vi søkjer dyktige gynekologar til Molde sjukehus!

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Gynekolog
Frist
30.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil du vere med på laget vårt?

Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdomar i Nordmøre og Romsdal har aktivitet både i Molde og i Kristiansund. Vi har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman. Vi held på med ei stor satsing som inneber rekruttering av fleire nyutdanna jordmødre og legar i spesialisering.

Avdelinga har eit fødselstal på over 700 born årleg. Utover obstetrikk har vi òg eit godt gynekologisk tilbod ved sjukehuset. Det kirurgiske tilbodet held eit høgt nivå, og vi gjer det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt. Du vil bli ein del av eit større fagmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi samarbeider nært med kollegane våre i Ålesund og Volda, i tillegg til St. Olavs hospital i Trondheim som har regional funksjon. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling, hospitering og anna samarbeid som til dømes forsking. Det er med andre ord gode moglegheiter til å utvikle seg fagleg. Vi kan óg vurdere søknadar frå kandidatar som er nær å fullføre spesialiseringa si.

I 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset rett utanfor Molde sentrum! Les meir om sjukehuset her

Visste du dette om Molde?
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
  • Må meistre norsk/ skandinavisk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og samstundes fungere godt i team 
  • Du må vere motivert for fagleg utvikling

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Gode vaktordningar
  • Flyttestønad etter gjeldande reglement
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Eit godt fagleg miljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget

Søknadene blir vurdert fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Ønskjer ikkje å verte kontakta av telefonseljarar.

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Overlege,
Lege / Spesiallege,
Lege

Nøkkelord

gynekolog, overlege, spesialist, molde, hmr

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johan Kippervik
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
92 22 98 12
Følg firma
208 følger dette firmaet

Parkvegen 84, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 258709604
Sist endret 16. mai 2022 13:27

Rapporter annonse