Utløpt

Vi søker kommunikasjonsrådgivar

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgiver
Frist
06.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Har du nyheitsteft, strategisk blikk og evne til å sjå samanhengar? Er du er samfunnsengasjert og har kunnskap om politiske prosessar? Er du tydeleg og presis i formidlinga, og trygg i kommunikasjonsfaget og bruk av digitale verktøy?

Då kan DU vere den vi ser etter!

Ved kommunikasjonsseksjonen lyser vi no ut etter ein kommunikasjonsrådgivar i 100 % fast stilling.

Du vil bli kollega med fire kommunikasjonsrådgivarar og ein grafisk designar, og får jobbe med kommunikasjonsfagleg rådgiving og rettleiing på tvers av fag- og tenesteområde i ein av dei største og mest komplekse organisasjonane i Møre og Romsdal.


Du får jobbe med

strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Du vil også få oppgåver med å:

  • Skrive nyheitssaker, pressemeldingar, kronikkar og innhaldsproduksjon på våre plattformer
  • Bruk av foto og film i formidling av bodskap
  • Analysere mediebildet og komme med råd om bodskap/ strategi/ handling
  • Lage mediestrategiar
  • Gi støtte til mediehandtering, kriseberedskap og andre kommunikasjonsoppgåver internt og eksternt

Andre oppgåver innan kommunikasjonsområdet kan bli lagt til stillinga.


Vi søker deg som

  • Fleire års relevant arbeidserfaring innan kommunikasjon og/eller journalistikk
  • Høgare utdanning innan kommunikasjon, samfunnsfag eller journalistikk. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • Gode samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og tileignar deg raskt ny kunnskap.

I tillegg vil vi sjå etter deg som:

  • Har eit tydeleg språk når du formidlar bodskap og som kan skrive nynorsk
  • Er trygg i bruken av både tekst, foto, film i formidling av bodskap
  • Har god digital kunnskap, er nysgjerrig og løysingsorientert
  • Har erfaring med etablerte og nye kommunikasjonsplattformer
  • Greier å sjå samanhengar på tvers av fagområda
  • Er sjølvstendig, men har gode samarbeidsevner
  • Er samfunnsengasjert og har kunnskap om politiske prosessar


Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Fylkeskommunen er ein regional samfunnsutviklar og tenesteleverandør. Vi løyser oppgåver for dei som bur og arbeider i Møre og Romsdal fylke. Dette gjer vi i samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Kommunikasjonsseksjonen er ein av fire fagseksjonar i stab for organisasjon og tenesteutvikling, og vi har kontorstad på fylkeshuset i Molde. Staben yter tenester innan IT, tenesteutvikling og digitalisering, HR og kommunikasjon til heile organisasjonen.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, Møre og Romsdal fylkeskommune, 6412 Molde
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Markedsføring og annonsering,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
Markedsfører,
Samfunnsviter

Nøkkelord

kommunikasjon, kommunikasjonsrådgiver, samfunnsfag, kommunikasjonsarbeid, mediehåndtering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inger Johanne Moene
Stillingstittel
Kommunikasjonssjef
Telefon
71 28 01 82
Mobil
47 28 40 03
Kontaktperson
Dag Lervik
Stillingstittel
Organisasjonssjef
Telefon
71 28 01 75
Mobil
95 17 30 38
Følg firma
310 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, Møre og Romsdal fylkeskommune, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 258332769
Sist endret 24. jun. 2022 15:12

Rapporter annonse