Utløpt

Vi søker tre kommunikasjonsrådgivarar på samferdselsområdet

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgiver
Frist
06.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Er du ein drivande dyktig kommunikasjonsrådgivar som vil vere med å bygge noko nytt?

Vår faste kommunikasjonsrådgivar skal over i ny stilling. Samtidig har fylkestinget satt av midlar til å styrke gjennomføring, marknadsføring og kommunikasjon innafor samferdselsområdet. Vi etablerer no eit kommunikasjonsteam med tre rådgivarar i samferdselsdirektøren sin stab. Dette teamet vil arbeide tett opp mot leiinga på samferdselsområdet og kommunikasjonsseksjonen i fylkeskommunedirektøren sin stab.

Samferdselsområdet består av fylkesvegavdelinga og kollektivavdelinga FRAM. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. FRAM tilbyr samfunnet eit trygt, godt og miljøvennleg transporttilbod med buss, hurtigbåt og ferje. Dei neste åra skal vi utvikle, planlegge og bygge fleire nye, store samferdselsprosjekt over heile fylket.

Vi søker etter tre utviklingsorienterte pådrivarar, som gjennom kommunikasjonsfagleg arbeid skal vere med på å forme samferdselstilbodet for innbyggarane i Møre og Romsdal. Det nyoppretta teamet skal mellom anna bidra til at fleire reiser miljøvennleg, tek i bruk nye mobilitetsløysingar som er under utvikling, og er med på å planlegge og gjennomføre store utbyggingsprosjekt. Den eine stillinga vil også få ei rolle som team-koordinator.


Som kommunikasjonsrådgivar skal du bidra til:

  • God og tydeleg kommunikasjon med målgruppene våre
  • Strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid
  • Støtte leiarane våre i kommunikasjonsarbeidet
  • Eit sterkt kommunikasjonsfagleg miljø i fylkeskommunen

Konkrete arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføre informasjonskampanjar
  • Utarbeide kommunikasjonsplanar i tråd med fylkeskommunens kommunikasjon- og kanalstrategi
  • Utarbeide bodskap, talepunkt og presentasjonar
  • Medieovervåking og analyse av mediemoglegheiter
  • Intern kommunikasjon og rådgiving
  • Handtere spørsmål frå media, skrive pressemeldingar, artiklar og kronikkar
  • Omdømebygging og samfunnskontakt
  • Skape og publisere innhald på sosiale medium og web
  • I samarbeid med kommunikasjonsseksjonen, gi støtte til andre fag- og tenesteområde i organisasjonen ved kapasitet og behov
  • Andre oppgåver kan kome i tillegg


Vi søker deg som har:

  • Fleire års relevant arbeidserfaring innan kommunikasjon, journalistikk og/eller marknadskommunikasjon
  • Høgare utdanning innan kommunikasjon, samfunnsfag eller journalistikk. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • Erfaring frå brukarmedverknad og er ein god relasjonsbyggar
  • Godt språk og gode formidlingsevner
  • God kunnskap om digital kommunikasjon
  • Samfunnsengasjement og interesse for politiske prosessar

Det blir elles vektlagt at søkaren:

  • Er initiativrik og løysingsorientert
  • Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevne blir vektlagt


Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk med buss, hurtigbåt og ferje i fylket. Fylkeskommunen er den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg.

Samferdselsområdet er organisert med to fagavdelingar; FRAM/kollektiv og Fylkesveg, og ei stabseining rundt samferdselsdirektøren. Samferdsel har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde, Kristiansund, i tillegg har vi lokasjonar på større utbyggingsprosjekt i fylket.

Stillingane vil ha hovudarbeidsstad i Molde, Ålesund eller Kristiansund med regelmessig oppmøte på fylkeshuset i Molde. Reiseverksemd må påreknast.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Markedsføring og annonsering,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
Markedsfører,
Samfunnsviter

Nøkkelord

kommunikasjon, kommunikasjonsrådgiver, samferdsel, markedskommunikasjon, samfunnsfag

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Magne Arild Vinje
Stillingstittel
Ass samferdselsdirektør
Telefon
71 28 02 79
Mobil
91 37 85 82
Kontaktperson
Arild Fuglseth
Stillingstittel
Samferdselsdirektør
Telefon
71 28 02 67
Mobil
91 53 00 85
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 258330639
Sist endret 24. jun. 2022 14:56

Rapporter annonse