Utløpt

Vi søker etter automasjon/elkraftingeniørar

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Elkraftingeniør
Frist
30.05.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter automasjon/ elkraftingeniørar

Det er mange spanande prosjekter og driftskontrakter i porteføljen vår og fleire nye prosjekt er vedtatt. Slik som tunneloppgradering, sanntidstavler for buss og ferje, lading for buss og ferje. Drifte automasjonsnett for styring av infrastruktur i tunnelar og langs veg. Med bakgrunn i dette bemannar vi opp byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre desse prosjekta.

Vi søker etter tre automasjons/elkraftingeniørar innan samferdselsområdet:

Fylkesvegnettet består av 62 tunnelar, samt diverse trafikksignalanlegg, klimastasjonar, trafikktellepunkt, variable skilt, bruer med elektriske anlegg og veglysanlegg.


Som ingeniør/teknikar hos oss vil du:

  • Vere del av eit team som bidrar med å utarbeide både driftskontraktar og utbyggingskontraktar innan fagområdet samferdsel.
  • Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.
  • Følgje opp prosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og overlevering.
  • Ha ansvar for å bidra til at prosjekta leverer innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
  • Rapportere til leiar og bistå i styringa av prosjektporteføljen for elektro og automasjon.
  • Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i samferdselsavdelinga.


Vi søker deg som

  • Bachelor/master i ingeniørfag eller fagskoleingeniør, fortrinnsvis innan elkraft/automasjon. Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet.
  • Fagbrev innan elektro
  • Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
  • God kjennskap til arbeid med automasjonsnett og SCADA system.
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:

  • Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Du er utviklings- og løysningsorientert


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved. Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike vegprosjekta og til dei ulike kontorstadane.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til veginvesteringsprosjekt, bygginga av Nordøyvegen, skredsikringstunnelen til Geiranger og ei rekkje bruer og ferjekaier, prosjekt i Bypakke Ålesund og rehabilitering av 26 tunnelar som startar dei neste åra.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Elektronikk,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektronikkmontør,
Ingeniør / Elektroingeniør,
Prosjektledelse

Nøkkelord

automasjon, elkraft, prosjektering, samferdsel, elektro

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erlend Opstad
Stillingstittel
Prosjektleiar
Telefon
71 28 00 31
Mobil
93 64 77 90
Kontaktperson
Olav Amund Myklebust
Stillingstittel
Teamleder tunnel, elektro og geofag
Telefon
71 28 00 69
Mobil
90 89 51 10
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 258207460
Sist endret 23. jun. 2022 14:44

Rapporter annonse