Utløpt

Vi søker rådgivar FRAM

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgivar FRAM
Frist
30.05.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

ein framoverlent og samarbeidsorientert person til stillinga som ansvarleg for drosjeforvaltning og TT-ordninga i forvaltningsteamet i FRAM.

Ordninga med tilrettelagt transport gjeld for personar som på bakgrunn av nedsett funksjonsevne ikkje kan nytte det offentlege transporttilbodet der dei bur. Til stillinga ligg saksbehandling av søknader om drosjeløyve samt ansvar for oppfølging av TT-ordninga i Møre og Romsdal. For 2022 er budsjettet for ordninga 15,8 millionar kroner. Utover dette er det også ekstramidlar knytt til statleg TT-ordning.

Dette er stillinga for deg som ønskjer sjølvstendige oppgåver, men likevel vere ein del av eit kompetent team. I FRAM får du moglegheita til å påverke transportilbodet i heile fylket. Stillinga ligg til kollektivavdelinga FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune plassert i forvaltningsteamet i driftsseksjonen

Oppfølging av leveransar innan økonomi og forvaltning av regelverket knytt til TT-ordninga vil vere ein viktig del av stillinga. Vedkomande må pårekne kontakt med eksterne slik som transportnæringa, kommunar og leverandørar.


Du får jobbe med

  • Saksbehandling og tildeling av drosjeløyve samt dispensasjonssøknader
  • Følge opp TT-ordninga, kommunar samt leverandør av elektronisk TT-system
  • Utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling
  • Samhandling med mobilitetssatsinga til fylkeskommunen
  • Budsjettansvar
  • Noko reiseaktivitet må påreknast


Vi søker deg som

Relevant høgare utdanning. Lang erfaring frå relevant arbeidsområde/offentleg verksemd kan kompensere for kravet til høgare utdanning

Det blir elles vektlagt at søkaren:

  • Er initiativrik og løysingsorientert
  • Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevner


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 21 fylkesvegferjesamband og 4 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 18,4 millionar rutekilometer med buss kvart år. Møre og Romsdal fylkeskommune er med på det grøne skiftet i transportsektoren og har starta på elektrifisering av buss- og ferjetilbodet. Kollektivavdelinga består av to seksjonar som arbeidar med kollektivtrafikken i fylket - driftsseksjonen og marknadsseksjonen.

Om seksjonen:

Seksjonen består av tre team; maritimt, kollektiv og forvaltning, og har ansvaret for dagleg oppfølging av eksisterande kontraktar på kollektivområdet, det vil si kontraktsoppfølging av buss, båt og ferje samt ruteplanlegging og optimalisering av ruter. Utforming av nye kontraktar og innkjøp av desse er organisert som prosjekt.

Seksjonen sitt ansvar innanfor sakshandsaming og organisering av skoleskyss, forvaltninga av drosjeløyver og TT-ordninga i fylket er lagt til forvaltningsteamet.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Juridiske tjenester,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler,
Samfunnsviter

Nøkkelord

rettsvitenskap, TT-ordning, kollektivtransport, transport, samferdsel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Helle-Tautra
Stillingstittel
Avdelingssjef FRAM
Telefon
71 28 02 53
Mobil
93 40 46 26
Kontaktperson
Jesper Wiig
Stillingstittel
Seksjonsleiar drift FRAM
Telefon
71 28 02 87
Mobil
97 58 65 33
Følg firma
310 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 258195891
Sist endret 23. jun. 2022 13:04

Rapporter annonse