Utløpt

Vi søker etter byggeleiar - bruprosjekt

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Byggeleder
Frist
30.05.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter byggeleiar bruprosjekt

Vi har mange spanande bruprosjekt i porteføljen vår og fleire nye prosjekt er vedtatt. No bemannar vi opp byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre desse prosjekta.

Vi søker etter byggeleiar for bruprosjekt i Fylkesvegavdelinga:

  • Vedlikehald og utbygging av bruer

Fylkesvegnettet består av om lag 1400 bruer og bærande strukturar i stål og betong som skal vedlikehaldas og fornyast for å oppretthalde transport og kommunikasjon i fylket. Det er forventa ein samla investering dei neste 4 åra på 500 millionar innan vedlikehald og utbygging på bruprosjekt. I tillegg kommer investeringar på større bruprosjekt.


Som byggeleiar hos oss vil du:

Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.

  • Følgje opp enkeltprosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og overlevering.
  • Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
  • Rapportere til prosjektledar og bistå prosjektledar i styringa av prosjektporteføljen for bruprosjekt.
  • Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.


Vi søker deg som

Bachelor eller master i ingeniørfag (Relevant erfaring kan kompensere for utdanning).

  • Erfaring frå bygging av betong- og/eller stålstrukturar.
  • Erfaring med teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
  • God kjennskap til digitale verktøy.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:

  • Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg.
  • Utviklings- og løysningsorientert.


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
  • løn etter avtale.


Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved. Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike vegprosjekta og til dei ulike kontorstadane.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til veginvesteringsprosjekt, bygginga av Nordøyvegen, skredsikringstunnelen til Geiranger og ei rekkje bruer og ferjekaier, prosjekt i Bypakke Ålesund og rehabilitering av 26 tunnelar som startar dei neste åra.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
HMS,
Ingeniør,
Håndverker / Bygg/Anleggsleder

Nøkkelord

HMS, prosjektering, broprosjekt, overingeniør, økonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Nærø
Stillingstittel
Prosjektsjef
Telefon
71 28 00 63
Mobil
92 66 45 64
Kontaktperson
Hallvard Matheson Rangnes
Stillingstittel
Prosjektleiar bruprosjekt
Telefon
71 28 00 37
Mobil
91 70 05 79
Følg firma
310 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 258192235
Sist endret 23. jun. 2022 12:32

Rapporter annonse