Utløpt

Kontrollingeniør bru/veg Ny Nerlandsøybru

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Kontrollingeniør
Frist
22.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

Ein fagleg dyktig og samarbeidsvillig person til stillinga som kontrollingeniør bru/veg for bygging av Ny Nerlandsøybru. Vi har fleire spanande veg- og bruprosjekt i porteføljen vår og no bemannar vi opp byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre desse prosjekta.

Ny Nerlandsøybru:

Det er satt av midlar i økonomiplanen til bygging av ny Nerlandsøybru i Herøy kommune. Prosjektet er antatt å koste om lag 620 mill. kr. Det skal byggast ei bru på 574m mellom Igesund og Kvalsund med tilhøyrande vegsystem. Det pågår planlegging og prosjektering av dette prosjektet, og det er forventa byggestart i 2022. Brua blir prosjektert i BIM.


Som kontrollingeniør hos oss får du jobbe med å

  • følge bygging av Ny Nerlandsøybru i Møre og Romsdal, og du vil få vere med på prosjektet "frå start til mål".

Kontrollingeniøren må kunne bidra med ulike former for kontroll og oppfølging av entreprenør innan SHA/ YM, kvalitet og framdrift og vil jobbe med mellom anna å:

  • Identifisere kritiske prosessar og utarbeiding av kontrollplan.
  • Følge opp og kontrollere entreprenør i byggefase.
  • Følge opp eigen og entreprenør sin dokumentasjon av bygginga.
  • Samhandle med entreprenørar på anleggsplass og gjennom bl.a. samhandlings- og byggemøte.
  • Samarbeide med andre byggeleiarar og kontrollingeniørar.
  • Støtte byggeleiar i å behandle målebrev, fakturaer, endringar og avvik.


Vi søker deg som

Har minimum treårig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande. Fagbrev og erfaring kan kompensere for utdanning.

  • Er godt kjent med digitale verktøy. Brua prosjekterast i Tekla Structures og vi bruker bl. a. Trimble Connect til innsyn og kontroll. For veg brukas bl.a. Autocad, Gemini og Novapoint.
  • Ønskeleg med kjennskap til teknisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
  • Ønskeleg med kjennskap til stål/betongkonstruksjonar og vegbygging.
  • Har førarkort klasse B.

Personleg eigenskapar blir spesielt vektlagt. Blant anna må du:

  • Bruke fagkunnskapen din på ein praktisk måte.
  • Vere utviklings- og løysingsorientert.
  • Jobbe nøyaktig og målretta.
  • Sjå behov og ta ansvar.
  • Ha vilje og evne til å samarbeide og involvere interne og eksterne partar.


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale(HTA kap 3 og 5) lønn etter tariff (HTA kap 4 stillingar)


Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for ein kontorstad du ønsker å arbeide ved.

Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike vegprosjekta og til dei ulike kontorstadane. Denne stillinga er tiltenkt prosjekt Ny Nerlandsøybru på Sunnmøre. Når bygginga er i gang vil du ha oppmøtestad på anleggskontor ved brua.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til bygginga av Nordøyvegen, skredsikringstunnelen til Geiranger og ei rekkje bruer og ferjekaier, prosjekt i Bypakke Ålesund og rehabilitering av 26 tunnelar som startar dei neste åra.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Ingeniør,
Kvalitetssikring

Nøkkelord

kontrollingeniør, samferdsel, bro, vedlikehold, vei

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Nærø
Stillingstittel
Prosjektsjef
Telefon
71 28 00 63
Mobil
92 66 45 64
Kontaktperson
Ragnhild Holen Relling
Stillingstittel
Prosjektleiar Ny Nerlandsøybru
Telefon
71 28 00 74
Mobil
47 89 21 70
Følg firma
310 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 258186199
Sist endret 19. aug. 2022 15:44

Rapporter annonse