Vi søker byggeleiar - ferjekaiprosjekt
- Arbeidsgiver
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Byggeleder
- Frist
- 07.06.2022
- Ansettelsesform
- Fast
Vi søker etter
ein engasjert og omgjengeleg byggeleiar til eit sterkt fagmiljø i fylkesvegavdelinga sin ferjekai-gruppe. Det er ledig ei fast stilling som byggeleiar i seksjon for vegprosjekt på prosjekt ferjekai.
Vi har eit stort antal kaianlegg for hurtigbåtruter og ferjesamband i porteføljen vår og bemannar no opp byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre nybygging og oppgradering på sambanda.
Vi søker etter byggeleiar for ferjekaiinvesteringar innan vedlikehald og nybygg i fylkesvegavdelinga:
Vi har ein kontinuerleg portefølje på veginvesteringsprosjekt som vil variere i omfang. Det er for planperioden 2022 til 2025 planlagt investert om lag 700 mill. kr til ulike ferjesamband.
Den konkrete stillinga er tiltenkt byggeleiing på Sandesambandet som er planlagt med oppstart bygging andre kvartal. 2023. Prosjektet omfattar bygging og oppgradering av ferjekaiene på Larsnes, Åram, Kvamsøya og Voksa som en kontinuerleg prosess fram til 4. kvartal i 2024.
Jobbinnholdet vil omfatte:
- Leie byggeutførelsen med bistand frå kontrollingeniør og HMS-rådgivar
- Du vil bli involvert i prosjekteringsfasen med planlegging av en effektiv og sikker byggefase
- Utføre rolla som Koordinator i utførelsesfase (KUP) i forhold til byggherreforskrifta
- Sørge for klargjering for byggefase i forhold til byggesøknader, hjelpe i utarbeidelse av SHA-plan og YM-plan
- Delta i val av kontraktstrategi og evaluering av kontrakt
- Rapportere til prosjektleiar
- Samarbeide med andre byggeleiarar og kontrollingeniørar i organisasjonen
Vi søker deg som
- har minimum treårig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande. Teknisk fagskole med fagbrev og relevant erfaring kan kompensere for bachelor- eller masterutdanning
- har erfaring frå konsulent- og prosjekteringsbransjen
- har førarkort klasse B
Personleg eigenskapar blir spesielt vektlagt. Til dømes:
- bruke fagkunnskapen din på ein praktisk måte
- jobbe planmessig og være løysingsorientert
- sjå behov og ta ansvar
- ha vilje og evne til å samarbeide og involvere interne og eksterne partar
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, men denne stillinga er plassert i Ålesund. Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike vegprosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til veginvesteringsprosjekt, bygginga av Nordøyvegen, skredsikringstunnelen til Geiranger og ei rekkje bruer og ferjekaier, prosjekt i Bypakke Ålesund og rehabilitering av 26 tunnelar som startar dei neste åra.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.
Nøkkelord
byggeleder, prosjektleder, byggeledelse, geolog, ingeniør
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Marianne Nærø
- Stillingstittel
- Prosjektsjef
- Telefon
- 71 28 00 63
- Mobil
- 92 66 45 64
- Kontaktperson
- Hans Rune Paulsen
- Stillingstittel
- Prosjektleiar ferjekaiprosjekt
- Telefon
- 71 28 04 25
- Mobil
- 98 83 46 77
Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund