Ledige stillingar på Kommunikasjonssenteret
- Arbeidsgiver
- NAV
- Stillingstittel
- Ledige stillingar på Kommunikasjonssenteret
- Frist
- 22.05.2022
- Ansettelsesform
- Fast
Eit av våre satsingsområde er å vidareutvikle ØT sitt kommunikasjonssenter. Vi skal derfor styrke vårt miljø med ein fast og ei mellombels stilling som jobbar med kundeoppfølging, informasjons- og opplæringsaktivitetar. I tillegg har ØT ei viktig rolle i innføring av nye økonomiløysingar i NAV dei næraste åra.
Arbeidsoppgåver
Kommunikasjonssenteret er organisert i seksjon for Fagstøtte. Vi er brukarstøtte for tilsette i NAV og for leverandørar knytt til fagområda rekneskap, faktura og lønn, i tillegg leverer vi informasjons- og opplæringsmateriell på våre område.
Døme på oppgåver:
- Hjelpe kundar via telefon og digitale kanalar
- Planlegge og gjennomføre kommunikasjons- og opplæringstilbod tilpassa kundane sine behov
- Produsere innhald og publisere i eksisterande kanalar som intranett, Teams, Yammer og webinar
- Bidra til å vidareutvikle ØT sitt opplærings- og kommunikasjonsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, gjerne innan media/kommunikasjon, samfunnsfag eller økonomi
- Relevant erfaring innan kundeservice og kommunikasjon
- God munnleg, skriftleg og visuell framstillingsevne på norsk
- Kunnskap om bruk av teknologi og kanalar/verkemiddel i kommunikasjonsarbeid
- Kjennskap til lønns- og rekneskapsområdet vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du evner å jobbe effektivt og gjer gode prioriteringar
- Du har evner til å samarbeide godt med andre, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig
- Du er serviceinnstilt og har evne til å sette deg inn i kunden sine behov
- Du har engasjement for kommunikasjon og formidling
- Du er kreativ, positiv og initiativrik
Vi tilbyr
- Eit godt, inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande oppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida
- Lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 468 300 - 534 400 brutto pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor.
Fint om du skriv i søknaden om du søker på den faste eller den midlertidige stillinga, eller begge.
Om arbeidsgiveren
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
- Bransje
- Økonomi og regnskap,
- PR, informasjon og kommunikasjon,
- Organisasjoner,
- Medie- og innholdsproduksjon,
- Markedsanalyse
- Stillingsfunksjon
- Brukerstøtte/support,
- Kundeservice,
- Økonomi og regnskap
Nøkkelord
Kommunikasjon,, kundebehandling,, design,, opplæring,, økonomi
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ingeborg Husabø Bjørseth
- Stillingstittel
- Nestleiar
- Telefon
- 48 29 44 14
- Kontaktperson
- Katrine Evebø
- Stillingstittel
- Fungerande seksjonsleiar
- Telefon
- 95 97 21 26