Utløpt

Vil du vere med å sikre at me har framtidsretta og gode bygg som er tilpassa våre tenester?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar - byggeprosjekt
Frist
15.06.2022
Ansettelsesform
Fast

Klimavennlege byggeprosjekt

Vindafjord kommune har drift og vedlikehald av om lag 63 000 m2 kommunale bygg. Kommunen har fleire store byggeprosjekt framfor seg, blant anna Vindafjordhallen og arbeid knytt til framtidig vedtak i barnehage- og skulebruksplan. Som prosjektleiar for byggprosjekt vil ein få ansvar for å leie denne utviklinga gjennom god planlegging og organisering.

Du vil være med heilt frå tidleg fase som moglegheitsstudiar, politiske saker samt videre til overordna prosjektering og til sist til ferdige bygg. Vår målsetting er å vidareutvikle våre tenester og samfunn med framtidsretta og velfungerande bygg som både er kostnadseffektive, vedlikehaldssterke og klimavennlege. Du får dermed moglegheita til å påverke kontraktsstrategiar, velje framtidsretta og ivareta nye klimaambisjonar.



Sentrale arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiing på større og mindre kommunale byggeprosjekt
  • Kartleggjing i tidleg fase av nye prosjekter og ansvar for å formulere og leggje fram politiske saker
  • Overordna økonomiansvar i prosjekta
  • Avklare brukarbehov og gjennomføre prosjekt i tett dialog med dei som skal bruke bygga
  • Utarbeide anbod, gjennomføre anbodskonkurransar i tråd med lov om offentlege anskaffingar 
  • Utarbeide kontraktar og oppfølging av byggeprosjekt i samarbeid med byggeleiar eller som byggeleiar.
  • Dokumentere utført arbeid og sikre god overføring frå prosjekt til drift
  • Sørgje for at framdrifta går som den skal til einkvar tid i pågåande prosjekter
 
For å lykkes hos oss er du i stand til å sjå kommunen sitt behov som heilskap, sikre samfunnseffektiv ressursnytting og ivareta tenestenes behov i eit langsiktig perspektiv. Du gjer gode heilskapsvurderingar og ser samanheng mellom investering, drift og effektive tenester til innbyggarane. Du bør også ta ansvar for å holde deg fagleg oppdatert til ein kvar tid.
 

Ønskte kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan bygg og anlegg, prosjektleiing og/eller arkitektur. Relevant teknisk fagskule med lang erfaring frå byggningsarbeid kan vurderast
  • Prosjektleiarerfaring frå byggeprosjekter frå alle prosjektfasar
  • God forretningsforståing og kunnskap om prosjektøkonomi
  • God kjennskap til bruk av IT-system
  • Du må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg.

 
Personlege eigenskapar

  • Vere nysgjerrig på nye løysingar og konsept for formålsbygg
  • Ha tryggleik til å vurdere potensiale for nye løysingar og utfordre eksisterande løysingar
  • Evne til å visualisere frå idè og mogleighet til planleggingsfasen gjennom godt samarbeid
  • Vere resultatorientert, med evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
 

Me kan tilby deg

Hos oss får du ansvar for å leie utviklinga av spennande, innovative byggeprosjekt. Prosjektleiaren rapporterer til kommunalsjef for sammfunnsutvikling, og vil ha kontorplass/arbeidsstad i hovudsak på teknisk bygg i Sandeid. Du vil ha særleg tett samarbeid med våre gode folk på eining kommunaltekniske tenester og økonomiavdelinga.

For meir informasjon om stillinga, kan du kontakte Personalhuset Search & Selection ved Lina Tørresdal tlf. 98 60 68 92. Du kan også ta kontakt med Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik, tlf. 93 64 60 43.

 

Om arbeidsgiveren

Vindafjord kommune er ein vital og sentral kommune med 8800 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg om lag 5 mil frå Haugesund og er senteret for indre Haugalandet. Det er stor aktivitet i næringsliv, kultur og friluftsliv i kommunen. Tenestetilbodet er godt utbygd for born, unge og eldre. Kommunen ligg strategisk til mellom fjord og fjell med gode høve til eit allsidig friluftsliv. Vi har stor tru på og ønske om vekst i framtida. For meir informasjon sjå vindafjord.kommune.no

Sektor
Offentlig
Sted
Teknisk bygg, 5585 Sandeid
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ledelse

Nøkkelord

Kommunal forvaltning, Teknisk bygg, Prosjektledelse, Prosjektleder, Bygg og anlegg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lina Tørresdal
Stillingstittel
Rekrutteringsrådgiver
Telefon
98 60 68 92
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Anne Sofie Sandvik
Stillingstittel
Kommunalsjef for samfunnsutvikling
Telefon
93 64 60 43
Følg firma
8413 følger dette firmaet

Teknisk bygg, 5585 Sandeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 257120367
Sist endret 1. jun. 2022 14:23

Rapporter annonse