Utløpt

Har du kompetanse innan finans? Spennande karrieremoglegheit innan fornybar energi og krafthandel!

Arbeidsgiver
Sunnhordland Kraftlag AS
Stillingstittel
Krafthandlar
Frist
25.05.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS
Krafthandel er i vinden om dagen og me ynskjer å styrka avdelinga vår med ein person med kompetanse innan finans og som har interessa for å læra seg eit komplekst og breidt fagområde.

SKL er eit lokalt energiselskap og er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg. Gjennom oppkjøp, utbygging og utvikling av eksisterande vasskraftanlegg framstår me som eit solid og framtidsretta selskap i utvikling.

Vår arbeidskvardag innanfor krafthandel er variert. Me har hovudansvaret for produksjonsplanlegginga for alle vasskrafta våre. Jobben vår er, til ei kvar tid, å sørgja for mest mogleg optimal kraftproduksjon. Då må me ta omsyn til mange ulike variablar som; vår eiga drift, vedlikehald, prisprognosar, ver og vind samt variablar utanfor vår eiga landegrense. Difor må du vera analytisk og nysgjerrig, og du må lika å forstå samanhengar og kompleksitet.

Du blir ein del av eit mindre team som består av folk med ulik bakgrunn og kompetanse. Hjå oss vil du få ein sentral rolle der du vil oppleva at jobben din betyr noko for resultata me oppnår!
 
Dine ansvarsområde:
  • Ha ansvaret for produksjonsplanlegginga, storkraft og småkraft
  • Bidra med analysar, modellering og prognosar
  • Digitalisering, bidra til at arbeidsprosessane våre går frå tradisjonelle system til meir moderne løysingar 
  • Prosjektdeltaking  
  • Handel i den fysiske kraftmarknaden
Din kompetanse 
  • Fortrinnsvis relevant høgare  utdanning innan økonomi eller finans. Nyutdanna oppfordrast også til å søkje. 
  • Gode analytiske ferdigheiter 
  • Erfaring frå bransjen er ein fordel, men ikkje eit krav 
  • Gode IT-ferdigheiter 
  • Beherskar både norsk og engelsk, skriftleg og muntleg  
Dine personlege eigenskapar 
  • Du arbeider strukturert og jobbar sjølvstendig 
  • Du har sjølvtillit og evnar å ta beslutningar på eigahand 
  • Du har kommersiell forståing og teft 
  • Du er ein lagspelar som trivst med å finna gode løysingar saman med andre
  • Du er initiativrik og lærevillig 
  • Du har teknisk forståing og er interessert 
Vi tilbyr: 
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for heimekontorordning
  • Gode personal- og velferdsordningar
 
Arbeidsstad: I hovudsak ved vårt kontor på Stord, men me har også lokasjonar i Etne og  Matre. 

Nysgjerrig? Har du spørsmål eller ynskjer du ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med avdelingsleiar, Liv Kjersti Skartland, på mob 97 72 61 38. 
 

Om arbeidsgiveren

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Norge og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Lønningsåsen 2, 5417 Stord
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Ingeniør / Vassdrag

Nøkkelord

Krafthandel, Kraftmarkeder, Kraftproduksjon, Vannkraft, Finans

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Kjersti Skartland
Stillingstittel
Leiar Krafthandel og Driftssentral
Følg firma
771 følger dette firmaet

Lønningsåsen 2, 5417 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 257116138
Sist endret 4. mai 2022 12:27

Rapporter annonse