BESATT

Vil du bli ein del av SV-laget?

Arbeidsgiver
SV - Sosialistisk Venstreparti
Stillingstittel
Administrasjonssekretær
Frist
23.05.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SV - Sosialistisk Venstreparti

Vi søkjer etter ein ryddig og serviceinnstilt person med engasjement for SV, til å vere ein del av førstelinja på partikontoret. Vi leiter etter deg som vil sørge for at folk som kontaktar SV får eit godt inntrykk av partiet, og gode svar. 

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: 

  • Mottak og handtering av førespurnader på telefon, e-post og sosiale medium 
  • Sørge for at kontorlokala er trivelege og imøtekomande for både kollegaer og besøkande
  • Delta i arbeidet for forbetra medlemspleie, m.a. gjennom oppdatering av medlemsregisteret, oppfølging av kontingentinnbetalingar og utsending av velkomstpakkar til nye medlemmer
  • Oppfølging av ulike forretningsavtalar
  • Bidra til utvikling av SVs nettbutikk
  • Administrere bestillingar av fysiske og digitale møterom 
  • Forarbeid og praktisk tilrettelegging ved møter og nasjonale arrangement, mellom anna partiet sine landsstyremøte og landsmøte, samt møte og konferansar i regi av dei ulike utvala våre
  • Bidra i organisasjonsteamet sitt arbeid med å utvikle partiorganisasjonen, i tråd med SVs vedtekne arbeidsplan

Vi leitar etter deg som: 

  • Er utadvendt, serviceinnstilt og med gode samarbeidsevner
  • Kan gje folk eit høfleg og profesjonelt møte med partiet
  • Arbeider ryddig og effektivt, med god gjennomføringsevne
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kan handtere eit breitt spekter av arbeidsoppgåver
  • Har kjennskap til SV sin organisasjon og politikk
  • Har god datakunnskap og meistrar Office-pakken godt

Vi kan tilby ei fast 100% stilling, i eit kreativt, spennande og tidvis hektisk arbeidsmiljø. Det daglege arbeidet blir utført på partikontoret til SV på Tøyen. Det er fleksibel arbeidstid i stillinga, og det må påreknast noko kvelds- og helgearbeid i samband med møter og seminar. Løn i samsvar med tariffavtale mellom HK og AAF.

Oppstart august 2022. 

Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn. 

Er det deg vi leiter etter?

Send oss ein søknad, der du fortel oss om motivasjonen din for å søkje jobb hos oss. Legg også ved CV-en din, slik at vi ser kva bakgrunn og kompetanse du har. Begge dokumenta lastar du opp i søknadsportalen på finn.no.

Om arbeidsgiveren

SV arbeider for eit rettferdig og miljøvenleg samfunn der viktige samfunnsoppgåver blir løyst i fellesskap, og der vi skaper eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
Hagegata 22, 0653 Oslo
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Organisasjoner,
Annet
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Kontor og administrasjon / Sentralbord,
Kundeservice

Nøkkelord

Politikk, frivillighet, førstelinje, politisk parti

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eli Ulvestad
Stillingstittel
Dagleg leiar i SV
Følg firma
156 følger dette firmaet

Hagegata 22, 0653 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 257071960
Sist endret 30. sep. 2022 18:33

Rapporter annonse