Utløpt

Vikar feiar/brannførebyggar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogn brann og redning IKS
Stillingstittel
Vikar feiar/brannførebyggar
Frist
22.05.2022
Ansettelsesform
Vikariat

Vi er på jakt etter ein vikar for ein av våre brannførebyggarar (feiarar), og leiter derfor etter faglært feiar, lærling eller lærekandidat. Det kan vere moglegheit for fast tilsetting i stillinga.

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. Vi har vårt hovudkontor i Sogndal. Hos oss jobbar det 12 heiltidstilsette og om lag 100 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar og depot. Fem av heiltidsstillingane er knytt til arbeid med feiing og tilsyn med fyringsanlegg.

Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 9100 fyringsanlegg. I tillegg gjennomfører avdelinga tilsyn etter plan- og bygningslova for eigarkommunane, og for kommunane Høyanger, Lærdal og Årdal etter eigen avtale.

 

Brannførebyggarane har hovudsakleg desse arbeidsoppgåvene

  • Gjennomføre feiing og tilsyn av registrerte fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader.
  • Følgje opp avvik etter feiing og tilsyn i samsvar med forskrift om brannforebygging.
  • Oppdatere opplysningar gjeldande fyringsanlegga i fagprogram.
  • Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggande brannvern generelt.

 

Kva treng du av kvalifikasjonar

  • Sveinebrev som feiar, eller
  • Gjennomført grunnkurs byggfag eller liknande
  • Anna vidare kompetanse som vil vere relevant for feiarfaget
  • Førarkort minimum klasse B.

Ved eventuelt tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

 

Vi legg også vekt på

  • Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av IT-verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
  • Personleg eigna, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.
  • Eventuelt relevant praksis.

 

Vi tilbyr

Du kan vente deg meiningsfull og allsidig kvardag med arbeid både utandørs og inne saman med kjekke kollegaer. Hos oss kan du opparbeide deg brei kunnskap og erfaring innan det branntekniske området. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

Om arbeidsgiveren

Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Vi dekkjer eit areal på i underkant av 5000km2 og knapt 20 000 innbyggarar. Vi har 5 brannstasjonar, 1 bistasjon og 2 depot og tilsaman 100 tilsette på deltid og heiltid.

Sektor
Offentlig
Sted
Sogndal kulturhus <br/>Hovevegen 2, 6856 Sogndal
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Annet
Stillingsfunksjon
Brannvern

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torill Anita Segtnan
Telefon
47 67 29 72
Kontaktperson
Vidar Trettenes
Telefon
90 03 72 56
Følg firma
58 følger dette firmaet

Sogndal kulturhus <br/>Hovevegen 2, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 256502173
Sist endret 2. mai 2022 13:12

Rapporter annonse