Utløpt

Bibliotekar

Arbeidsgiver
Voss herad - Voss bibliotek
Stillingstittel
Bibliotekar vikariat 100 % stilling
Frist
13.05.2022
Ansettelsesform
Vikariat

 

Voss bibliotek har ledig stilling frå 1.06.2022-31.12.2022 (med mogelegheit for forlenging

 

Arbeidsoppgåver

" Voss bibliotek søkjer deg som brenn for leseglede, litteratur- og kulturformidling

" Generelt bibliotekarbeid, publikumsarbeid med litteratur- og kulturformidling, både fysisk og digitalt

" Nettverksarbeid mot nærmiljø, fagressursar og samarbeidspartnarar

" Stillinga går inn i arbeidsplan med arbeid på kveldstid og i helger

 

Me søkjer

" Det er ynskjeleg med bachelor i Bibliotek- og informasjonsfag, men det er ikkje ein føresetnad for å søkje

" Kunnskap, interesse og engasjement for litteratur, spel, film og digital formidling

" Du har god teknologiforståing, held deg oppdatert på feltet og har gjerne erfaring med biblioteksystem.

" Erfaring frå arbeid i bibliotek er ein føremon

" Personlege eigenskapar: gode samarbeidsevner, sjølvstendig, utettervend, kreativ

" Du evnar å skape eit godt miljø, er kontaktskapande og ein god relasjonsbyggjar

" Du er komfortabel med å snakke i forsamlingar

 

Kvalifikasjonar

" Erfaring med gjennomføring av arrangement og kurs

" God kompetanse i digitale verkty og evne å rettleie i desse

" God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

Me tilbyr

- gode vilkår for fagleg utvikling

- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

- gode forsikrings- og pensjonsordningar

- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Om arbeidsgiveren

Voss bibliotek har hovudbibliotek i Voss kulturhus og er ein integrert del av tilbodet ved Voss kulturhus, bokbuss som køyrer til skular og barnehagar i heradet og avdeling i Kulturbanken i Granvin.
Biblioteka er arkitektonisk særeigne, godt besøkte og har 6,6 årsverk. Stillinga er knytt til arbeid ved bibliotektenestene i Voss.

Sektor
Offentlig
Sted
5700 Voss
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

Bibliotek, bibliotekar, høgskole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ritha Helland
Stillingstittel
Biblioteksjef
Mobil
95 26 20 05
Følg firma
170 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 255658371
Sist endret 3. jun. 2022 12:52

Rapporter annonse