Utløpt

45 % fast undervisningsstilling i tysk, studieførebuande utdanningsprogram

Arbeidsgiver
Rogaland fylkeskommune
Stillingstittel
45 % fast undervisningsstilling i tysk, studieførebuande utdanningsprogram
Frist
29.05.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Rogaland fylkeskommune

Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.   
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel. 
For meir info: www.olen.vgs.no

Frå 1. august 2022 er det ledig 45% fast undervisningsstilling i tysk, studieførebuande utdanningsprogram. Søkjarar med kompetanse i andre relevante undervisningsfag kan bli vurdert innstilt til høgare stillingsprosent.
(2. gongs utlysing)

Arbeidsoppgaver

Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag. Aktuell tilleggskompetanse kan vere spesialundervisning, norsk, engelsk. I dei faga kan undervisninga vere både på studieførebuande- og yrkesfaglege programområde. 

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning og praksis i tysk, og ev. andre aktuelle fag (minimum 60stp i fag for undervisning i vgs)
  • Godkjend pedagogisk utdanning
  • Godkjend politiattest

 

Til undervisningsstillingar er det krav om relevant kompetanse i dei aktuelle faga samt godkjend pedagogisk utdanning. Om det ikkje melder seg søkjarar med relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning vil andre søkjarar kunne bli vurdert.

Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. 

Personlige egenskaper

Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.  

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk

 

Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Gjertrud Helland telf. 977 66 556, evt. pr. mail: gjertrud.margit.helland@skole.rogfk.no.

Det må sendast elektronisk søknad.

Søknadsfrist: 29. mai 2022

Om arbeidsgiveren

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber for en bærekraftig utvikling og sterkere fellesskap i hele Rogaland. Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Sektor
Offentlig
Sted
Litlehagen 2, 5580 Ølen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gjertrud Helland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
97 76 65 56
Følg firma
1846 følger dette firmaet

Litlehagen 2, 5580 Ølen

Annonseinformasjon

FINN-kode 255570104
Sist endret 11. mai 2022 12:00

Rapporter annonse