Inaktiv

Vil du jobba med produksjon av batterimaterial?

Arbeidsgiver
TIOTECH AS
Stillingstittel
Prosess/produksjon/maskin ingeniør
Frist
30.04.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med TIOTECH AS

Prosess/produksjon/maskin ingeniørar

Er du ein prosess- eller maskiningeniør som vil vere med og byggje opp ein heilt ny kjemisk produksjon for batterimaterial? I TioTech lagar vi material som gjer batteri sikrare, raskare å lade og meir robuste. Dette er særleg viktige eigenskapar for batteri som skal brukast i ferjer, bussar, industri og stasjonærlagring. Vårt material vil vere ei råvare for battericelleprodusentar, som er ein industri i eksplosiv vekst. Vi byggjer no opp pilotproduksjon i Bergen og treng prosess/produksjon/maskin ingeniørar som ynskjer å arbeide med:

  • planlegging, design og skalering av kjemiske prosessar
  • bygge, vedlikehalde og drifte produksjon og utstyr
  • optimalisere utstyr og prosess
  • tilpasse produksjonsprosessen etter kvart som nye metodar vert utvikla i vår forskningslab
  • sørge for sikker og effektiv drift
  • sikre høg produktkvalitet
  • prosessovervåking og kontroll


Kvalifikasjonar:

  • BSc/MSc innan prosess/kjemisk prosessteknologi/produksjon/maskin
  • Relevant erfaring kan vege opp for kravet til utdanning
  • Arbeidserfaring frå prosessindustri er ein stor fordel
  • Prosessøkonomisk forståing
  • Kjennskap til AutoCAD


Personlege eigenskapar:

  • Vi treng løysingsorienterte folk som finn gode måtar å løyse praktiske utfordringar på
  • Sjølvgåande
  • God industriforståing
  • Ha interesse for ny teknologi, forskning og skalering
  • Evne til tverrfagleg samarbeid – likar å samarbeide med andre
  • Hjelpsam og lærevillig
  • Flink til å kommunisere
  • Kvalitetsbevisst både når det gjeld eige arbeid og produkt
  • Omgjengeleg og med godt humør
  • Snakkar godt engelsk


Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og moglegheita til å vere med på oppbygginga av ein ny produksjon som vil vere viktig for det grøne skiftet. TioTech er ei lita verksemd, men er no i ein veldig spanande fase med sterk vekst og mykje som skjer. Synst du dette høyres interessant ut og meinar du kan gjere denne jobben godt? Då vil ein triveleg gjeng som bygger opp ein ny og framtidsretta teknologi høyre frå deg – send oss søknad og CV i dag!


Om arbeidsgiveren

TioTech AS er ei norsk teknologiverksemd som held til på Midtun i Bergen. Vi utviklar nye material med fokus på batterimaterial. Verksemda veks raskt, vi har dobla talet på tilsette det siste halvåret og flytta inn i nye lokale der vi no skal byggje opp pilotproduksjon av våre material. Vi har sterk kompetanse på forskning, utvikling og produksjon og samarbeidar mellom andre med SINTEF, Universitetet i Bergen, Future Materials og KTH Stockholm. Verksemda er privateigd og har eit styre med tung erfaring frå norsk og europeisk industri.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Sandbrekketoppen 38, 5224 Nesttun
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Industri og produksjon,
Kjemisk industri
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Kjemiingeniør,
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk

Nøkkelord

Prosessteknologi, Kjemisk produksjon, Industri, Oppskalering, Batterimaterial

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hjørdis Skår
Stillingstittel
Project Manager
Mobil
452 86 156
Kontaktperson
Eirik U. Fimreite
Stillingstittel
Chief Production Officer
Mobil
415 75 344
Følg firma
62 følger dette firmaet

Sandbrekketoppen 38, 5224 Nesttun

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 254148467
Sist endret 1. mai 2022 00:00

Rapporter annonse