Utløpt

Natur- og opplevingsbasert reiseliv

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor
Frist
21.04.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i natur- og opplevingsbasert reiseliv ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

 

Stillinga høyrer til Institutt for økonomi og administrasjon og vil i hovudsak vere knytt til undervisning og rettleiing ved studieprogrammet Natur- og opplevelsesbasert reiseliv ved campus Sogndal, men andre oppgåver ved instituttet må òg påreknast.

Stillinga er eit vikariat for eitt år med oppstart 01.08.2022.

 Arbeidsplassen er Sogndal.


Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Undervisning og rettleiing på studieprogrammet Natur- og opplevelsesbasert reiseliv. Andre undervisningsoppgåver ved instituttet kan bli aktuelt, til dømes på bachelorutdanninga i reiselivsleiing
  • Ansvar knytt til fagleg studiekoordinering og emneansvar kan bli lagt til stillinga
  • Ekskursjonar er ein del av undervisninga og ein må delta på desse etter behov
  • Institusjonsbyggjande arbeid som fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Vi forventar at våre tilsette bidreg i regionalt utviklingsarbeid, forsking, fagleg samarbeid og fagutvikling på tvers av HVL sine campus når dette er aktuelt.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129)

Formell utdanning og kompetanse:   

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillinga
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere relevant førstelektorkompetanse
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjar må difor ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk òg på engelsk
  • Utdanningsfagleg kompetanse / erfaring

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Teoretisk og praktisk undervisningskompetanse innan naturbasert reiseliv, friluftsliv, friluftslivspedagogikk, naturguiding og -forvaltning er særleg etterspurd for denne stillinga
  • Undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgare utdanning
  • Erfaring frå FoU-arbeid
  • Erfaring frå naturbasert reiseliv/ guiding.
  • Relevant kompetanse innan friluftsrelaterte aktivitetar

 

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig
  • Evne til å arbeida saman med andre i team
  • Evne til å samarbeide på tvers av fagdisiplinar
  • Gode evner til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. Vedlegga kan til saman ikkje overstiga 50 MB.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 


Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling

Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga  er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode  1011, førsteamanuensis / 1198, førstelektor / 1008, høgskulelektor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

Assisterande instituttleiar Ingunn Skjelbreidalen

tlf:  57 67 63 42 / e-post: ingunn.skjelbreidalen@hvl.no


Samspel, bærekraft og nyskaping 

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no/)

Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om 2300 studentar og 140 tilsette.

Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet  Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL, FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har om lag 1500 studentar og 100 tilsette. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.

Sektor
Offentlig
Sted
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Veileder
Følg firma
965 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 253251684
Sist endret 31. mar. 2022 11:28

Rapporter annonse