Utløpt

Vil du ha meir nynorsk i samfunnet?

Arbeidsgiver
Noregs Mållag
Stillingstittel
Politisk rådgjevar
Frist
19.04.2022
Ansettelsesform
Fast

Politisk rådgjevar 100 %

 

Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, skrivefør, allsidig og fleksibel person som ønskjer å arbeida som:

 

Politisk rådgjevar for leiinga i Noregs Mållag, med vekt på oppgåvene:

- skriva saksnotat til aktuelle politiske saker som kjem frå riks- og lokalpolitikk

- ta del i møteverksemd knytt til påverknadsarbeid andsynes politiske miljø og andre samarbeidspartnarar

- leggja til rette for og organisera kurs- og møteverksemd for politisk skulering i organisasjonen

- utforming og gjennomføring av ulike kampanjar

- formidling av politikken vår i sosiale medium

 

Utdanning, kvalifikasjonar og eigenskapar:

- høgare utdanning er ønskjeleg, men anna røynsle kan vega opp

- røynsle frå organisasjonsarbeid

- røynsle frå politisk påverknadsarbeid

- god munnleg og skriftleg formuleringsevne

- evne til sjølvstendig arbeid

- fleksibilitet til reiser og ukurant arbeidstid

- personleg eigna

- eit godt nettverk er ein fordel

 

Politisk rådgjevar samarbeider nært med leiar og dagleg leiar.

 

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 21 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ledig frå siste halvdel av august. Kontorstad Oslo.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo, eller på e-post.

Om arbeidsgiveren

Noregs Mållag arbeider for å fremja nynorsken og dialektane. Vi har i dag drygt 15 000 medlemer i om lag 170 lokallag over heile landet, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar i 100 % frikjøp og landsmøte annakvart år. Skrivarstova har i dag 7 heiltidstilsette. Vi held til i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, med pensjonsordning for dei tilsette.

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Organisasjoner
Sted
Lilletorget 1, 0184 Oslo
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Ideelle organisasjoner
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning,
Saksbehandler

Nøkkelord

politikk, interessepolitikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Morken Endresen
Stillingstittel
dagleg leiar
Mobil
95 78 55 60
Følg firma
10 følger dette firmaet

Lilletorget 1, 0184 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 253207414
Sist endret 11. mai 2022 22:08

Rapporter annonse