BESATT

Grunnskulelærar

Arbeidsgiver
Hålandsdalen Vekst SA
Stillingstittel
Grunnskulelærar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Hålandsdalen Montessoriskule søkjer grunnskulelærar (vikariat)

 

Hålandsdalen Montessoriskule ligg i Bjørnafjorden kommune, og har 43 elevar frå 1-7. trinn.

Skulen ligg på Holdhus med omlag ein time reisetid frå Bergen eller Norheimsund, samt omlag 45 minuttar frå Os. Hålandsdalen er eit levande og engasjert lokalsamfunn med gode aktivitetstilbod for både barn og vaksne.


Då ein av våre dyktige lærarar skal ut i fødselspermisjon søkjer me etter lærar med grunnskulelærarutdanning i vikariat i eit år frå august 2022. Søkjarar med utdanning i montessoripedagogikk, i tillegg til grunnskule-/allmennlærarutdanning, vert spesielt bede om å søkja.


Me søkjer lærarar som:

  • Har grunnskule-/allmennlærarutdanning
  • Er tydeleg, engasjert og respektfull med fokus på klasseleiing
  • Har samarbeidsevne, er utviklingsorientert, fleksibel og kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har vilje og evne til å skapa gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer


Me kan tilby:

  • Eit triveleg kollegium med god fagleg kompetanse og eit støttande arbeidsmiljø
  • Ein spennande arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Innmelding i Statens Pensjonskasse
  • God forsikringsordning


Alle søknadar blir handsama konfidensielt.

For meir informasjon, ta kontakt med rektor:

Magne Opheim på 915 74 778

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Hålandsdalsvegen 532, 5640 Eikelandsosen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Magne Opheim
Stillingstittel
Rektor
Mobil
91 57 47 78
Følg firma
3 følger dette firmaet

Hålandsdalsvegen 532, 5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 253004624
Sist endret 6. jun. 2023 08:16

Rapporter annonse