Utløpt

Lyst til å jobbe i eit smidig miljø med fokus på effektive leveransar?

Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Stillingstittel
Testleder (Rådgiver/Seniorrådgiver)
Frist
25.04.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Digitaliseringsdirektoratet
Testleiar og leveranseansvarleg

Er du brennande engasjert i prosjektstyring og testfaget? Har du erfaring frå prosjektleiing, testleiing, sikkerheitstesting, testautomatisering, ytelsestesting?

Ein testleiar må ha evne til å ta ansvar for at heile teamet bidrar i testarbeid og at det som blir levert, held ønska kvalitet. Vi jobbar smidig og har hyppige leveransar. Det stiller krav til effektive prosessar og høg grad av automatisert testing. Du vil få ei sentral rolle i planlegging, gjennomføring og oppfølging av leveransar med spesielt fokus på kvalitet i leveransen.

Hos Digdir blir du ein del av eit større fagmiljø på 30 utviklarar. Du vil møte eit stort spenn i arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med oppgåver saman med fagmiljø både i og utanfor Digdir.

Digdirs utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. For å jobbe i Digdir er det viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar.

Med kontor i Brønnøysund (http://www.digdir.no/digdir/jobb-i-bronnoysund/3165), Leikanger (http://www.digdir.no/digdir/jobb-i-leikanger/2985) og Oslo vil du få nye kollegaer og venner i det langstrakte landet vårt. Hos oss får du rundt 360 engasjerte kollegaer og sparringspartnarar.

Vi ønsker å bygge trivelege og effektive arbeidsmiljø med sterke fagpersonar på alle våre lokasjonar, og vi tilsetter derfor med tilknytning til ein fast arbeidsstad. Samtidig har vi veldig gode og fleksible ordningar for bruk av heimekontor og legg godt til rette for ein fleksibel kvardag for våre medarbeidarar på Helgeland, i Sogn og i Oslo-regionen.

I tillegg til interessante faglege utfordringar kan vi tilby ein kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Hels gjerne på Vivian, din nye kollega som testleiar: https://www.digdir.no/digdir/klar-nye-utfordringar/2985 (https://www.digdir.no/digdir/klar-nye-utfordringar/2985)


Dine oppgåver
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av leveransar i våre utviklingsteam inkludert testplanlegging og utarbeiding av dokumentasjon
  • Koordinering og forankring av leveransar og testplanar internt og mot eksterne samarbeidspartnarar
  • Delta i planlegging av prosjektplanar i vår verdikjede frå strategi og planverk til ferdig testa leveranse i produksjon
  • Delta i planlegging og gjennomføring av testaktivitetar med eksterne leverandørar og samarbeidspartar
  • Planlegge, gjennomføre og rapportere på funksjonelle og tekniske testar
  • Å vere ein pådrivar for strukturert og sikker gjennomføring av leveransar i avdelinga
  • Bidra til å skape ei felles forståing og likt forventingsnivå for alle som er involvert i arbeidet med test

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på universitets- eller høgskolenivå innan IT/teknologi. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • god teknisk forståing, gjerne bakgrunn som utviklar
  • kunnskap og erfaring med smidig, lean og moderne utviklingsmetodikk
  • kunnskap om testmetodikk, teknikkar og relevante testverktøy
  • arbeidsspråket er norsk, og du må difor ha gode norskkunnskapar

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:

  • Minimum eitt års dokumentert arbeidserfaring med software-utvikling som utviklar, sikkerheitstestar og/eller teknisk testar
  • Erfaring, ferdigheiter og kunnskap om metodar og standardar innan prosjektstyring og testing. Relevante sertifiseringar blir vektlagt
  • Kunnskap om etablering og forvalting av utvikling-, test- og produksjonsmiljø med tilhøyrande testdata
  • Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø

Vi søkjer deg som
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • tek initiativ når du ser nye mogelegheiter
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert

Vi tilbyr deg
  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag 
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman  
  • stilling som rådgjevar eller seniorrådgjevar med konkurransedyktige lønsvilkår innanfor Digdirs lønspolitikk
  • kontor i Brønnøysund (http://www.digdir.no/digdir/jobb-i-bronnoysund/3165), Leikanger (http://www.digdir.no/digdir/jobb-i-leikanger/2985) eller Oslo
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida 

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Testleiar Frank Hofslundsengen 
E-post: frank.hofslundsengen@digdir.no 
Telefon: 992 90 394

Seksjonsleiar Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no 
Telefon: 911 46 279

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.


Om arbeidsgiveren

Digdir er underlagt Kommunal- og distriksdepartementet. Direktoratet har om lag 360 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. 

Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.  

Sektor
Offentlig
Sted
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
IT,
IT - programvare,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling / IT-sikkerhet,
IT utvikling / Utvikler (generell),
IT utvikling / QA/Testing
Følg firma
973 følger dette firmaet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 252999729
Sist endret 11. apr. 2022 12:14

Rapporter annonse