Utløpt

Rådgivar - skogbruk

Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Stillingstittel
Rådgivar
Frist
08.04.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med STATSFORVALTAREN I ROGALAND
Om stillinga

Vil du vere med å styrke skogen si rolle i klimasamanheng og bidrag til den grøne omstillinga? Brenn du for eit berekraftig skogbruk og auka verdiskaping i denne næringa? Har du kompetanse innan forvaltning av skogressursane? Då er kanskje DU vår nye kollega.

Skogen er av stor verdi, både for skognæringa og i miljø- og klimasamanheng. Berekraftig forvalting av skogen tek vare på miljøverdiar, fremmar karbonbinding og klimatilpassing samtidig som ein legg til rette for auka avverking og ny skog.

Statsforvaltaren har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp i praktiseringa av lovverk i landbruket. På skogområdet har vi som hovudoppdrag å sikre eit berekraftig skogbruk der auka hogst blir følgt opp med ny forynging og skogskjøtsel, og trevirke inngår som ein del av eit klimatilpassa samfunn.

Stillinga vil ha medansvar for følgje opp landbruksavdelinga sitt arbeid med skogkultur, frivillig vern, skogen si rolle i klimasamanheng og vidareforedling av trevirke, med oppgåver knytt til rådgiving, tilskotsforvalting, sakshandsaming og mobilisering.

Landbruksavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar - skogbruk.


Arbeidsoppgåver
  • arbeide for auka bruk av tre som byggemateriale, auka bruk av skogsråstoff til bioenergi, og skogen sitt bidrag til utmarksbasert verdiskaping
  • arbeide for og formidle kunnskap om karbonbinding og klimatilpassing i skog
  • delta i tverrfagleg utgreiings-, plan-  og samarbeidsoppgåver med andre statlege regionale etatar, fylkeskommune, kommunar og næringa
  • arbeide med tilskotsforvalting og oppfølging av lovverk, innanfor forynging av skog, skogskjøtsel og ressursforvalting, og rettleie kommunane om dette
  • bidra med skogfagleg kompetanse i prosessen med frivillig skogvern
  • saksbehandle saker etter skogbrukslova med forskrifter (sektorlovverk) og naturmangfaldlova, så som søknadar om utsetting av utanlandske treslag

Andre oppgåver kan vere aktuelle avhengig av behov, kvalifikasjonar og kompetanse.


Kvalifikasjonskrav

Vi ønsker oss ein dyktig medarbeidar som:

  • har relevant skogfagleg utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis på mastergrads nivå. Utdanning på lågare nivå kan kompenseres med relevant arbeidserfaring.  
  • har erfaring frå fagområdet, men nyutdanna kan også søke
  • er fleksibel, initiativrik, effektiv og systematisk
  • ønsker å arbeide breitt - og har interesse for å lære og vidareutvikle kompetansen sin
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse

Den som blir tilsett må vere førebudd på å måtte reise ein del i fylket, og delta i møte og arrangement utanom normal arbeidstid.


Vi tilbyr
  • lønn som rådgivar kr 550 000 - 640 000 i Statens lønnsregulativ, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn/stillingsplassering vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån i Statens pensjonskasse (det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå lønna)
  • nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
  • varierte, interessante og viktige oppgåver 
  • HjemJobbHjem-ordning

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.


Spørsmål om stillinga

Nærare opplysningar om stillinga får du av landbruksdirektør Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 64 eller på mobil nr. 97 17 47 51 og ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes, mobil nr. 48 14 72 13.


Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 200 tilsette.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Annet
Følg firma
423 følger dette firmaet

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 252298519
Sist endret 23. mar. 2022 09:49

Rapporter annonse