Utløpt

Vil du leie vårt moderne og spanande tema-museum om norsk reiseliv?

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Museumsleiar
Frist
03.04.2022
Ansettelsesform
Fast
Om Norsk Reiselivsmuseum 

Norsk Reiselivsmuseum opna i 2016, og ligg i idylliske Balestrand ved Sognefjorden. Museet formidlar reiselivshistorie frå starten av 1800-talet og fram til i dag, og utstillingane baserer seg på både digital teknologi og kulturhistoriske samlingar. Det spektakulære museumsbygget som er skore ut i grunnfjellet er ein attraksjon i seg sjølv, og husar dessutan ein liten museumsbutikk og Vindreken museumskafe med flott fjordutsikt. Les meir om Norsk Reiselivsmuseum. (https://misf.no/nn/norsk-reiselivsmuseum)


Om stillinga

Som museumsleiar vil du vere fagleg leiar og ha det operative ansvaret for å utvikle, planlegge, budsjettere, gjennomføre og evaluere publikumstilbodet på Norsk Reiselivsmuseum:

  • utstillingar
  • arrangement 
  • formidlingstilbod og -opplegg til ulike målgrupper 
  • løpande kontakt med lokale/regionale styresmakter og samarbeidspartar
  • legge til rette for og følgje opp samarbeid med frivillig sektor
  • utarbeide planverk og dokumentasjon, medrekna årsplan, årsbudsjett og årsmelding
  • følgje opp overordna og arenaspesifikke planar innan formidling, vertskap og utstillingar

På Norsk Reiselivsmuseum har museumsleiar sin daglege arbeidsstad saman med museumspedagog og museumsvert, medan det i sommarsesongen også er fleire sommvarvertar som bidreg til å løyse små og store oppgåver. 

Museumsleiaren rapporterer til avdelingsdirektør kulturhistorie, og har plassansvar og delegert personaloppfølging for tilsette på museet. Stillinga høyrer organisatorisk til avdeling kulturhistorie, og skal også bidra til å løyse fellesoppgåver i avdelinga, så vel som oppgåver på dei andre musea i avdelinga. 

Museumsleiar vil ha høve til å delta i Musea i Sogn og Fjordane sitt forskings- og utviklingsarbeid som er koordinert av avdeling forsking og bevaring.


Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • relevant kompetanse på masternivå innan kulturhistorie eller andre museumsrelevante fag 
  • leiarerfaring 
  • erfaring med planarbeid og økonomi
  • erfaring frå formidlingsarbeid 
  • førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • handlar på eige initiativ og tek ansvar for resultat
  • kan utvikle og gjennomføre mål og strategiar
  • gjer klare prioriteringar og gode ressursfordelingar 
  • kan kommunisere klart, presist og strukturert 
  • arbeider metodisk og systematisk
  • er omgjengeleg og samarbeider godt med andre
  • byggjer og gjer deg nytte av nettverk 

Vi kan tilby

Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av med høg kompetanse og stort engasjement. 

MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.

Stillinga som museumsleiar blir løna etter avtale, og har stillingskode 1211 iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).


Generell informasjon

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. 

Søknadsfrist  03.04.2022. 

Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til avdelingsdirektør kulturhistore Synnøve S. Bjørset på tlf. 90 85 23 34 eller museumsleiar Bendik Brenn Egge på tlf. 40 03 16 03.

Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med:

Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.


Om arbeidsgiveren

Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.

Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til malaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar, eksport av kvernsteinar i vikingtida og Lord Slingsby, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.

Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea.

Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no

Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og i skriftleg kommunikasjon med eksterne.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Holmen 12, 6899 Balestrand
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
69 følger dette firmaet

Holmen 12, 6899 Balestrand

Annonseinformasjon

FINN-kode 252111278
Sist endret 1. apr. 2022 10:58

Rapporter annonse