Konsernleiar
Norway's best
- Frist 28.4.2022
Vi søkjer konsernleiar som skal posisjonere Norway’s best som det leiande reiselivsselskapet i Noreg
Norway’s best AS har gjennom meir enn 20 år posisjonert Flåm, med Flåmsbana og Nærøyfjorden, til eit av Noregs mest attraktive reisemål. Parallelt er Myrkdalen Fjellandsby utvikla til å bli ein av dei største skidestinasjonane i Noreg, med både hotell, skianlegg og eigedomsutvikling. Med Flåm og Myrkdalen som fundament eig, utviklar og driv vi reiselivsprodukt i verdsklasse. Selskapet er også etablert i Narvik og har aktivitet i fleire norske fjordar. Dette som ein del av vår nasjonale ambisjon. Vi leverer spektakulære, naturbaserte opplevingar til kundar frå heile verda og målet vårt er å bli den leiande reiselivsaktøren. Til å leie dette arbeidet søkjer vi ein samlande, energisk og nyskapande konsernleiar.
Norway’s best skal
- skape konkurransekraft gjennom å bygge attraktive reisemål, produkt og konsept
- skape auka reiselyst og trafikk til alle reisemåla våre
- utnytte potensialet i norsk reiselivsbransje
- bidra til å profesjonalisere reiselivsnæringa og etablere attraktive, heilårs arbeidsplassar
- ta vårt ansvar for eit berekraftig reiseliv
- vere ei sterk merkevare i den nasjonale og internasjonale reiselivsmarknaden
Den nye konsernleiaren er jordnær og samlande, og evnar å inspirere og skape begeistring. Du har ei strategisk og kommersiell tilnærming som skal bidra til at vi posisjonerer oss som den leiande reiselivsaktøren i framtida. Du trivst med å jobbe med mange ulike menneske innan mange ulike fagområde. Du tek eigarskap til våre ambisiøse målsetjingar og du viser veg i vår berekraftstrategi.
Konsernleiar rapporterer til eit profesjonelt styre.
Kan dette vere deg? Ta kontakt med Christian Heiberg på tlf. 992 98 574, Jenny Homme på tlf. 916 56 102, Morten Bjørnå på tlf. 977 11 440 eller Tonje Støver Knutsen på tlf. 477 10 611. Søknadar blir behandla fortløpande.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Norway’s best AS (tidlegare Flåm AS) eig, utviklar og driv norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukt i verdsklasse. Norway’s best har i over 20 år posisjonert Flåm, med Flåmsbana og Nærøyfjorden, til å bli eit av Noregs største turistreisemål. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik.
Hovudkontoret er lokalisert i Flåm i Aurland kommune.
- Sted: 5743 Flåm
- Bransje: Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse
Nøkkelord
reiseliv, utvikling, ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 251664186
- Sist endret
