Utløpt

Molde sykehus søkjer ortoptist -  optikere kan også søkje!  

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ortoptist
Frist
29.03.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Som ortoptist på Molde sykehus kan du utforske fjord og fjell på fritida!

Molde sykehus søkjer no etter ortoptist i 100% stilling (37,5t/uke), fast tilsetting. Optikere kan også søke på stillinga, men får då kun tilbod om eit års vikariat frå oppstartsdato. 

Øyeseksjonen i Molde har hatt veletablert ortoptist i mange år, og utfører dei fleste strabismeoperasjonane i Møre og Romsdal. Som ortoptist hos oss, vil du ha eit nært samarbeid med både legar og sjukepleiarar.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisering og behandling av barn og vaksne med strabisme, amblyopi, ametropi og forstyrringar i augebevegelsar. Dette inkluderar: 
  • amblyopibehandling
  • pre- og postoperative vurderingar
  • vurdering av nevrooftalmologiske forstyrringar i augebevegelse
  • diagnostikk ved hjelp av Harms vegg
  • refraksjon
  • deltagelse i opplæring av LIS ved seksjonen

Kvalifikasjonar

  • fullført utdanning som ortoptist
  • må kunne kommunisere muntleg og skriftleg på skandinavisk språk. Vi tilbyr gratis norskopplæring ved behov. 

Personlege eigenskapar

  • personlig eignaheit blir vektlagt
  • evne til å arbeide ansvarleg og sjølvstendig
  • evne til å samarbeide med andre (legar og sjukepleiarar)

Vi tilbyr

  • 100% fast tilsetting
  •  Gratis norskkurs ved behov
  •  Eit spennande og godt tverrfagleg miljø
  •  Gode forsikringsordningar/medlemsskap i KLP
  •  Lønn etter gjeldende avtale
 

Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF gir
spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom
pasientverdiprosessen skape pasientens helseteneste . Vår visjon er å vere
‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om
lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og
Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk
helsevern og rusbehandling. Kontinuerleg forbetring er valt til hovudstrategi
for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur
til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.
Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.


 


Vi
ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i
søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der
det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom
oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer
ikkje kontakt med annonseseljarar. 


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Parkveien 84, 6405 Molde
Bransje
Helse og omsorg

Nøkkelord

Ortoptist, -, optikar, -, Molde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marina Elnes
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
71 12 27 91
Følg firma
208 følger dette firmaet

Parkveien 84, 6405 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 251434921
Sist endret 15. mar. 2022 13:29

Rapporter annonse