Utløpt

Bidra til berekraftig utvikling på Campus Kristiansund!

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
03.04.2022
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Iderik og løysingsorientert? Vi søker tre til fem studentar til sommarjobbar som kan bidra med idear og løysingar til ei berekraftig utvikling på Campus Kristiansund og for byen.

Campus Kristiansund er ein felles campus for utdanning, forsking og innovasjon, med hav og helse, berekraft og digitalisering som viktige satsingsområde. Første byggetrinn står ferdig i 2024. Allereie no veks det fram eit tverrfagleg miljø i samarbeid mellom høg- og fagskule, forsking og verksemder i offentleg og privat sektor.

Plassert midt i byen skal campus bidra til ei meir berekraftig byutvikling i tråd med FN sine berekraftsmål. Vi treng studentar som har idear og vil vere med å utvikle gode løysingar for dette!

 

Om jobben

Vi treng di hjelp til å jobbe med ulike case for berekraftig utvikling. Avhengig av case vil du anten

  • få arbeide med idéutvikling for eit berekraftsområde
  • arbeide med konkrete tiltak for å følge opp ulike planar


Du vil jobbe i team med dei andre studentane og tett opp mot bedrifta eller organisasjonen som “eig” caset. Idéane som kjem fram kan bli grunnlag for nye prosjekt.

Stillingane er utvikla i eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, NEAS og Campus Kristiansund. Du vil bli tilsett av Møre og Romsdal fylkeskommune, men vil også få oppfølging av dei andre samarbeidspartnarane og andre aktørar tilknytt campus. Du vil vere tilsett i 4-5 veker i juni 2022 og få moglegheita til å pitche idéane for heile campusmiljøet og beslutningstakarar i august 2022.


Case

Du kan anten søke spesifikt om å få jobbe med eit av casa, eller ha ein meir open søknad så kan vi vurdere kva type case kompetansen din passar best til.  

 

Case 1 – Konsept for sirkularitet på og rundt Campus Kristiansund 

På campus samlar vi mange aktørar og aktivitetar på ein stad. I tillegg vil campus vere nabo med ein stor mengde aktørar i sentrum av Kristiansund. Lukka, lokale ressurskretsløp er eit viktig verktøy for berekraftig utvikling. Korleis kan vi gjere campus så sirkulært som mogleg? Korleis kan campus vere ein pådrivar for å skape eit ‘sirkulært nabolag’ i sentrum av Kristiansund? Du kan ta tak i ulike tema, avhengig av interesse og fagbakgrunn, til dømes: 

  • Mat 
  • Avfall 
  • Vatn 
  • Material

 

Case 2 – Campus som energisystem 

Korleis kan energibruken på campus bli lavast mogeleg eller gå i pluss? Vi ønsker at du skal bidra med:

  • Å utarbeide energibudsjett for berekna reelt energibruk og dokumentasjon av kva tiltak som er gjort for å få ned forventa reelt energibruk i drift av bygget 
  • Å gjennomføre ei utgreiing om kva ein kan og bør nytte takflatene i den vidare campusutbygginga til, som f.eks. energiproduksjon 
  • Idéutvikling for langsiktig energipositiv utvikling av heile campusområdet 

 

 Case 3 – Nye mobilitetsløysingar

Campus ligg sentralt i Kristiansund. Det er allereie stort press på innfartsvegane og ein planlegg for eit avgrensa tal parkeringsplassar. Korleis kan vi legge til rette for alternative og nye mobilitetsløysingar for både dei tilsette ved campus og resten av befolkninga i Kristiansund? Her kan du ta tak i mange ulike tema, avhengig av interesse og fagbakgrunn, til dømes:  

  • Innfartsparkering
  • Potensiale for bruk av el-sykkel
  • Brukarundersøkingar 
  • Konsept for å teste konkrete pop-up løysingar  

 

Case 4 – Berekraftig sentrumsutvikling 

Campus blir eit løft for sentrum av Kristiansund. Det blir fleire folk og meir aktivitet. Korleis kan vi bidra til eit berekraftig løft av heile sentrum? Kva type konsept og aktivitet kan bygge vidare på campuseffekten og bidra til å skape liv i heile sentrum? Her kan du utvikle ulike konsept avhengig av interesse, til dømes: 

  • Korleis fylle 1.etasjane i sentrum med aktivitet?  
  • Registrere tomme lokale i 1.etg innanfor sentrumsområdet i Kristiansund
  • Forslag til nye typar forretningar og aktivitet
  • Handel- og sentrumsaktivitet som bygger på sirkulære prinsipp
  • Til dømes designe gågata som ei konseptgate for sirkulær handel og sentrumsaktivitet
  • Universell utforming og tilrettelegging for alle i sentrum
  • Korleis skape byliv på areala mellom byggetrinn 1 og 2 på campus?

 

Vi søker:

Vi ønsker deg som har kompetanse som kan bidra til å gjere Campus Kristiansund til eit forbilde for berekraftig byutvikling. Vi ser etter studentar som:

  • Har starta på eit masterprogram. Studentar med fullført bachelor som har særleg interesse for feltet, kan blir vurdert.
  • Tar initiativ og er utviklings- og løysingsorientert 
  • Har gode samarbeidsevner  
  • Brenn for berekraftig utvikling

 

Vi tilbyr:

  • Ungt, ambisiøst og tverrfagleg miljø 
  • Arbeidsplass sentralt i Kristiansund sentrum
  • Høve til å vere med på å utvikle ein bydel frå grunnen av 
  • Tilgang til eit spanande kompetansenettverk
  • Løn etter tariff

 

Andre opplysninger: 

Er du ikkje frå regionen, kan vi bistå med hjelp til å finne bustad.

 Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

 

Les meir om Campus Kristiansund og samarbeidspartnarane på campus:

  • https://mrfylke.no/om-oss/prosjekta-vaare/campus-kristiansund
  • https://mrfylke.no/
  • https://neasgruppen.no/om-oss/
Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Konsulent og rådgivning,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Planlegger,
Rådgivning

Nøkkelord

bærekraft, sentrumsutvikling, campus kristiansund, bærekraftig byutvikling, miljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Hansen
Stillingstittel
Prosjektkoordinator bærekraftfylket Møre og Romsdal
Telefon
71 28 05 54
Mobil
46 77 42 92
Kontaktperson
Roland Mauseth
Stillingstittel
prosjektleiar Campus Kristiansund
Telefon
71 28 04 68
Mobil
91 72 14 01
Følg firma
311 følger dette firmaet

Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 251406027
Sist endret 26. apr. 2022 14:44

Rapporter annonse