Utløpt

Vi treng ein god koordinator

Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Stillingstittel
Interessentkoordinator
Frist
28.02.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Brønnøysundregistrene
Om stillinga

Er du dyktig til å drive prosessar og halde ein ryddig struktur i prosjekt? Har du også lyst til å vere med på å skape brukarvenlege tenester for næringsliv og befolkning? Da kan det hende du er den nye interessentkoordinatoren vår!

Vi treng deg som kan koordinere dialogen vår med interessentar og brukarar i utviklinga av nye samfunnsnyttige digitale tenester. Vi jobbar med mange små og store prosjekt, der vi treng ein god prosessdrivar og koordinator som sikrar at interessent- og brukarbehov blir tatt vare på.


Arbeidsoppgåver
  • sørge for god involvering og dialog med brukarane og interessentane våre
  • forvalte rammeverket vårt for interessentmedverknad som driv fram og tar vare på oversikt, etablering og gjennomføring av aktivitetar
  • støtte og gi råd til aktivitetar for interessent- og brukarkartlegging
  • fungere som eit bindeledd mellom teknologar, fagressursar, interessentar og brukarar på ulike nivå
  • bidra til nytenking og forretningsutvikling knytt til eksisterande og nye tenester
  • sørge for koordinering og samkøyring av aktivitetar saman med forretningsutvikling, kommunikasjon og informasjonsteknologi

Kvalifikasjonar

Du har

  • 3-5 års utdanning frå universitet eller høgskole, helst innan samfunnsfag, sosialt arbeid, kommunikasjon, økonomi/leiing og/eller teknologifag
  • erfaring med koordinering av interessent-, brukar og kundekontakt

Fint om du også

  • har kunnskap om og erfaring med prosjekt og produktutvikling
  • har kjennskap til metodar for interessent- og brukarkartlegging og oppfølging
  • kommuniserer klart og tydeleg på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • du har gode samarbeidsevner, er kreativ og brukarorientert
  • du har evne til å sette deg inn i nye problemstillingar, er løysingsorientert, strukturert og analytisk
  • du likar å jobbe saman med andre i eit hektisk miljø med varierte arbeidsoppgåver
  • du kan jobbe sjølvstendig, drive prosessar og bidra med nytenking/innspel
  • du er utadvendt, trivst best å jobbe i team og kommuniserer godt både med eksterne og interne aktørar

Vi tilbyr
  • eit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
  • gode moglegheiter for kompetanseheving og god stipendordning
  • eit nytt flott kontorlokale med utsikt over Helgelandskysten
  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
  • moglegheit for inntil to timer med trening i arbeidstida, godt utstyrt trimrom, bedriftsidrettslag og ulike velferdsarrangement
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • hjelp til å skaffe bustad

Stillinga er fast og løna som seniorrådgivar med ei årsløn frå kr 543 500-873 400, avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.


Inkludering og mangfold

Inkludering og mangfald er ein styrke og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Generelt

Brønnøysund er ein hyggeleg kystby med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod. Vi har full barnehagedekning og eit godt oppvekstmiljø i trygge omgivnader. Som tilflyttar til Brønnøy kommune får du gratis barnehageplass og SFO, ordninga gjeld fram til 01.01.2024. For deg som liker friluftsliv er det mange moglegheiter for fine naturopplevingar til lands, fjells og i skjergarden. Vi har også eit rikt kulturliv, fleire treningssenter og idrettslag.

Vi ønsker ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar, også deg med hol i CV, til å søke jobb hos oss. Opplysingar om nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV kan bli brukt til registreringsformål.

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan blir offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla om ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Du må legge ved CV og vitnemål/attestar til søknaden for å bli vurdert som søkar. Vitnemål og/eller karkaterutskrifter hentar du får vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.

 


Ta gjerne kontakt

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Elin Kristine Olsen, underdirektør seksjon registerutvikling, tlf. 95 72 64 19, eller Anette Einarsen, seniorrådgivar, seksjon registerutvikling, tlf. 93 62 40 06.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no


Om arbeidsgiveren

Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer dialogen med det offentlege enklare for personar og verksemder. Vi driv mange av dei viktigaste registera i landet og har 430 medarbeidarar.

Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.

Sektor
Offentlig
Sted
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Bransje
IT,
Organisasjoner,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Koordinering
Følg firma
124 følger dette firmaet

Havnegata 48, 8910 Brønnøysund

Annonseinformasjon

FINN-kode 246911807
Sist endret 1. feb. 2022 21:51

Rapporter annonse