Utløpt

Undervisningsstillingar i Voss herad frå 1.8.2022

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
17.02.2022
Ansettelsesform
Fast

Voss herad søkjer engasjerte lærarar med god fagleg kompetanse og med eit stort hjarta for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i Vossaskulen.

Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla Vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.

 

Tilsettingsprosess

Dette er ei felles lysing for alle skulane i heradet. Dersom du ynskjer å arbeida i ein særskilt skule, må du presisera det i søknaden din.

 

Om arbeidsstaden

Det er 11 skular i heradet. Vossaskulen er oppteken av å skapa kvalitet i alle ledd.

Digitalisering og inkluderande barnehage og skulemiljø er viktige satsingsområde for oss. Det vert arbeidd målretta, grundig og langsiktig innanfor kunnskapsbaserte innsatsområde og me vektlegg å utvikla den kollektive læringskulturen.

Me har høge ambisjonar for skulane våre.

 

Om tenestestadane

Gå inn på https://voss.herad.no/tenester/barn-og-familie/skule/skulane-i-voss-herad/ for å finne nærmare opplysningar om våre 8 barneskular, 2 kombinert barne - og ungdomsskular og 1 ungdomsskule.

 

Arbeidsoppgåver

* Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring

* Sørga for eit trygt og inkluderande læringsmiljø

* Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap

* Samarbeid med føresette og andre faginstansar

 

Utdanning og kvalifikasjonar

* Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse

* Det er særleg ynskjeleg med kompetanse for undervisning 1-7 og/eller kompetanse i basisfaga

* Det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga

 

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

 

Personlege eigenskapar

* Du har et stort engasjement for elevane si læring

* Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa motivasjon og vekst hjå den enkelte

* Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer

* Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling

* Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

 

Me tilbyr

* Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre

* Gode kollegaer og eit positivt miljø

* Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg

* Rettleiing for nytilsette/nyutdanna

* Gode forsikrings- og pensjonsordningar

* Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

* Kontaktlærartillegg frå kr 32 000 til 38 200

Om arbeidsgiveren

Heradet har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i heradet. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å verta verdas beste herad!

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
20
Sted
5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

undervisning, lærar, kontaktlærar, grunnskule, undervisningsstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Takvam Rekve
Stillingstittel
leiar for grunnskule
Mobil
99 20 71 98
Følg firma
170 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 245497704
Sist endret 3. mar. 2022 11:32

Rapporter annonse