Utløpt

Interkommunal psykologteneste Voss, Eidfjord og Ulvik

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Kommunepsykolog
Frist
10.02.2022
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere med på laget i vår nye interkommunale psykologteneste i Voss herad, Eidfjord og Ulvik?


Me har ledig 100 % fast stilling for kommunepsykolog med særleg kompetanse på vaksne og eldre.


Stillinga vert ledig frå 15. mars 2022. Kommunepsykologane er samlokalisert med andre hjelpetenester i Voss sitt nye Knutepunkt i sentrum like ved jernbanestasjonen. Voss herad er også vertskap for kommunepsykologtenester i Ulvik herad og Eidfjord kommune. Kommunepsykologen må difor pårekna å kunne yte tenester også til Eidfjord og Ulvik. Men som vertskommune er det Voss herad som vil ha utført størst prosentdel av tenestene.

 

Beskrivelse

Voss herad si psykologteneste har stillingar for tre kommunepsykologar.

Psykologtenesta skal arbeide heilskapeleg og tverrfagleg i fleire tenester, mellom anna ved å styrka kompetanse og kvalitet på arbeidet innan rus og psykisk helse. Personar i alle aldrar vil dra nytte av arbeidet i tenesta. 

 

Psykologane skal arbeida system- og samfunnsretta gjennom helsefremjande og førebyggande arbeid. Dei skal arbeide både individuelt (korttidsbehandling), med grupper og for lokalmiljøet. Psykisk helsearbeid inkludert oppfylgingsarbeid til familiar og pårørande skal vera eit kommunalt lågterskeltilbod. Psykologtenesta skal samarbeida med aktuelle kommunale tenester, samt andre tenester t.d. spesialisthelsetenesta

 

Utfrå samla kompetanse hjå psykologane, ynskjer me oss no ein psykolog med kompetanse på, og interesse for, arbeid med psykisk helse hjå vaksne og eldre. Men me ynskjer alle søkjarar velkomen.

 

Arbeidsoppgåver

Du vil få vera med å utforme arbeidsoppgåvene utfrå din kompetanse og interesseområde:

 

* Arbeid på individ-, gruppe- og systemnivå

* Vurdering, kartleggingssamtaler og oppfølging

* Kortvarig behandling av lette til moderate psykiske lidingar

* Kartleggje behov for behandling og vise til spesialisthelsetenesta ved alvorlege psykiske lidingar  

* Bidra i arbeidet med kompetanseutvikling

* Rettleia tilsette  

* Samarbeid med andre tenester internt og eksternt

* Pakkeforløp for psykisk helsevern vart innført 01.01.19. Psykologane vil ha ei sentral rolle i implementering og

 oppfølging av pasientane i kommunen

* Samarbeid med spesialisthelsetenesta i samband med innlegging- og utskriving frå psykisk helse

* Delta i kommunalt kriseteam

* Arbeidsoppgåvene kan verta endra ut frå verksemda sine behov

* Noko reiseverksemd må påreknast

 

Me søkjer

* Offentleg godkjend/autorisasjon som psykolog, gjerne psykologspesialist

* Ønskeleg med erfaring frå psykososialt arbeid med vaksne og eldre

* Erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid

* Erfaring med å gje rettleiing

* Kjennskap til utfordringar med arbeidet innan rus/psykisk helse

* Forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid

* Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

 

Me tilbyr

* Eit godt, aktivt og tverrfaglig fagmiljø basert på samarbeid

* Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver. Medverknad i utvikling av psykologtenesta

* Oppfylgjing og rettleiing av fagpersonell

* Deltaking i fagfellesskap for kommunepsykologar

* Kontor i nye flotte lokaler, saman med fleire andre hjelpetenester

* Medlemsskap i god pensjons- og forsikringsordning

* Konkurransedyktig lønn

* Mogelegheiter for å ta spesialisering

 

Anna

* Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

* Må ha førarkort, klasse B, då reiseverksemd må påreknast

* Hugs å gje opp referansar

Om arbeidsgiveren

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har
mykje meir å by på!

Heradet har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i heradet. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell,
påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går
me for å verta verdas beste herad!

Sektor
Offentlig
Sted
Uttrågata 9, 5700 Voss
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog,
Rådgivning

Nøkkelord

rettleiing, kartlegging, psykiske lidingar, kriseteam, førebygging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Roger Stien
Mobil
90 18 46 80
Følg firma
170 følger dette firmaet

Uttrågata 9, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 245143731
Sist endret 28. feb. 2022 09:36

Rapporter annonse