Utløpt

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!

Arbeidsgiver
Sygnir AS
Stillingstittel
Overmontør
Frist
06.02.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SYGNIR AS

Før vår overmontør/leiar på montørbasen Vik og Balestrand blir pensjonist, ønskjer vi å rekruttere ny overmontør/leiar for overlapping. Leiar har ansvar for montørane i Vik og Balestrand og er ein del av montasjegruppa i Sygnir. Vik og Balestrand har felles overmontør, ti energimontørar og tre lærlingar.

Stillinga er i seksjon for nettmontasje som omfattar montørbasane Sogndal, Vik og Balestrand, Aurland og Lærdal. Du vil samarbeide med leiar for nettmontasje, prosjektingeniørane og dei andre montørbasane for drift og bygging av nye linjer og nettanlegg. 

Arbeidsoppgåver

  • Drifts- og budsjettansvar for montørbasen
  • Planleggje prosjekt- og driftsoppgåver
  • Personalansvar for montørane og lærlingar
  • Fordele arbeidsoppgåver mellom montørlaga
  • Rettleie og vere førebilete for lærlingane
  • Kan bli pålagt å delta i vaktordninga

 

Din erfaring

  • Fagbrev energimontør og gjerne teknisk fagskule
  •  Brei erfaring frå relevant arbeid
  • God IT kompetanse og nyttar digitale verktøy aktivt
  • Førarkort kl. B, gjerne kl C
  • God kommunikasjonsevne på norsk, både munnleg og skriftleg

 

Om deg

  • Gode leiar-, kommunikasjons -og samarbeidsevner
  • Du utfører arbeidet med fagleg dyktigheit og er ein problemløysar
  • Er sjølvstendig, tek ansvar og samarbeider for gode løysingar
  • Tek HMS på alvor og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag

 

Som overmontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegar, og faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver. 

Oppmøte og kontor på montørbasen i Vik.

Me ønskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje. Send gjerne søknad med ein gong. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande til intervju så snart vi har motteke søknaden.

Om arbeidsgiveren

Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraftkonsernet. Sygnir AS byggjer, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 3000 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Sygnir AS har om lag 80 tilsette. Nettselskapet Sygnir skal drifte og utvikle straumnettet for sikker forsyning til innbyggjarar og næringsliv i Sogn.

Sektor
Privat
Sted
Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Fornybar energi, Leiar montørbase, Kraftnett, prosjekt, energi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Daniel Meisterplass
Stillingstittel
seksjonsleiar nettmontasje
Mobil
90 82 73 56
Følg firma
29 følger dette firmaet

Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Annonseinformasjon

FINN-kode 244774101
Sist endret 25. feb. 2022 11:12

Rapporter annonse