Utløpt

Vil du vere med på teknologiutvikling i eit energikonsern?

Arbeidsgiver
Sognekraft AS
Stillingstittel
Systemutviklar
Frist
06.02.2022
Ansettelsesform
Fast

Konsernet Sognekraft vil bygge smarte teknologiske løysingar for å optimalisere drifta av kraftproduksjon og sikre straumforsyninga.

I samarbeid med kollegaer i dotterselskapa skal du finne gode løysingar som støttar deira forretningsområde, gjennom innsamling, analyse og framstilling av data. I dette arbeidet skal du finne moglegheiter for å automatisere oppgåver og gi betre grunnlag for avgjerder.

 Stillinga inngår i ei tverrfagleg gruppe som jobbar tett på forretningsområda i konsernet. Du vil ha eigne prosjekt, men delta aktivt i samarbeidet i gruppa. Du kan ta initiativ til å teste ny teknologi for å forbetre applikasjonane. Vi har ein moderne teknologistack der bruk av Python, tidsseriedatabasar, grafiske presentasjonsverktøy og IoT løysingar er sentralt. Vi har bygd ut LoRaWAN nettverk langs Sognefjorden. Tenester basert på dette nettverket er integrert i nettselskapet Sygnir og Sognekraft Produksjon si verksemd. Sognekraft har truleg den mest samanhengande LoRaWAN-dekninga i Norge og vi har kome langt med datainnsamlinga i våre applikasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Innsamling, analyse og framstilling av data
  • Bruk av moderne maskinlæringsverktøy som PyTorch, TensorFlow eller liknande
  •  Delta i utvikling og implementering sensorløysingar og protokollar for datainnsamling
  • Drift og vidareutvikling av vår LoRaWAN plattform
  • Delta i interne utviklingsprosjekt som KPI (nøkkeltalsindikatorar)

 

Din erfaring

  • Bachelor-/mastergrad innan tekniske fag som kybernetikk/data/elektronikk
  • Erfaring med programmering i Python eller liknande
  • Kjennskap til bruk av databasar og grafiske presentasjonsverktøy t.d. Grafana og Highcharts

 

Om deg

  • Nysgjerrig på digitale utfordringar
  • Evne til å setje seg inn i ny teknologi
  • Interesse for å utvikle framtidsretta løysingar
  • Gode kommunikasjons -og samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr spennande arbeidsplass i eit kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø.

Kontorstad på ein våre kontorlokasjonar, fortrinnsvis Vik.

Om arbeidsgiveren

Energikonsernet Sognekraft produserer og distribuerer fornybar energi, byggjer ut og driftar fibernett – og yter ei rekkje tenester knytt til desse kjerneområda. Sognekraft AS eig og er medeigar i kraftverk med total årsproduksjon på 713 GWh. Sognekraft har fleire nye, store prosjekt innan fornybar energi under realisering og planlegging. Dotterselskapet Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjons¬nett på 3 000 km. Sognenett AS, eit dotterselskap i konsernet, er i dag den dominerande leverandøren av fiber- og internettenester til bedrifter og privatkundar i Sogn. Sognekraftkonsernet har om lag 140 tilsette, med hovudkontor i Vik med lokale avdelingar og montørbasar i Sogndal, Balestrand, Lærdal og Aurland.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Systemarkitekt,
IT utvikling / Utvikler (generell),
IT utvikling / AI / Maskinlæring

Nøkkelord

Utvikler, IoT, LoRaWAN, Python, tverrfagleg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vegard Bolstad
Stillingstittel
IKT sjef
Mobil
90 51 95 73
Kontaktperson
Jostein Orvedal
Stillingstittel
produksjonsingeniør og systemutviklar
Mobil
46 92 08 48
Følg firma
9 følger dette firmaet

Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Annonseinformasjon

FINN-kode 244771003
Sist endret 25. feb. 2022 10:48

Rapporter annonse