Utløpt

Prosjektutviklar for grøn omstilling av skipsfarten

Arbeidsgiver
Maritime CleanTech
Stillingstittel
Prosjektutviklar / Prosjektleiar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Brenn du for det grøne skiftet og likar å skape, utvikle og leie prosjekt?

I Maritime CleanTech får du sjansen til å realisere ambisjonane!

 

Maritime CleanTech er i vekst og treng fleire nye medarbeidarar, både nyutdanna og erfarne. Me brenn for berekraftig innovasjon realisert gjennom norsk maritim industri. Saman med medlemsbedriftene våre utviklar me grønare løysingar for fartøy og infrastruktur.

Hos oss får du erfaring med forretningsutvikling, strategi og teknologi, og du blir raskt involvert i teamarbeid, prosjektutvikling og innovasjon. Den me ser etter har kapasitet til å drive fram spanande løysingar, og vil raskt kunne få ansvar for å leie ulike prosjekt. Gjennom tett samarbeid med dei mange medlemsbedriftene våre vil du få tilgang til eit unikt nettverk av dyktige partnarar frå heile den maritime næringa. 

Arbeidsdagen hos oss er variert og dynamisk. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og mange spanande utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar.

 

Oppgåver knytt til stillinga:  

  • Identifisere og utvikle innovasjonsprosjekt i samarbeid med bedrifter i klynga, offentlege aktørar og forskings- og utviklingsmiljø 
  • Utarbeide søknader til ulike verkemiddelordningar
  • Opptre som Maritime CleanTech sin representant utad, både i prosjekt, møte med medlemsbedrifter og dialog med eksterne partnarar
  • Samarbeide med ulike kompetansemiljø 
  • Utføre analysearbeid som underbygger og synleggjer arbeidet med grøn skipsfart 
  • Delansvar for oppfølging av medlemsbedriftene


Dei me ser etter har: 

  • Teknisk, økonomisk eller annan relevant utdanning på masternivå
  • Kunnskap og interesse for utvikling av grøne, maritime løysingar til kyst- og havrelaterte næringar som passasjertransport, skipsfart, havbruk, fornybar energi og oljesektoren 
  • Gode munnlege og skriftlege formuleringsevner på norsk og engelsk 
  • Evne til strategisk og analytisk tenking 
  • Fleksibilitet,høg arbeidskapasitet, og er nytenkande, positiv og motivert 
  • Sosiale eigenskapar med evne til å jobbe i team, skape relasjonar og bygge nettverk 


I tillegg er det ein fordel om du har relevant jobberfaring, gjerne frå maritime bedrifter eller prosjektutvikling. 

Maritime CleanTech er ei nasjonal klynge med hovudkontor på Stord og tilsette i Bergen og Stavanger. Fleksible ordningar for arbeidsstad kan diskuterast. Noko reising må påreknast.  

Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit av dei mest innovative og framoverlente næringsmiljøa i verda.  


Korleis søke? 

Send oss ein cv og kortfatta søknad. Me svarar løpande.

Spørsmål om stillinga kan rettast til  innovasjonsdirektør Øystein Huglen. Spørsmål om søknadsprosessen kan rettast til administrasjonsleiar Karina Hope Sortland.

Om arbeidsgiveren

Maritime CleanTech har i over ti år vore ei leiande næringsklynge for samarbeid om utvikling av grønare skipsfart. Dei nær 150 klyngepartnarane kjem frå heile landet, og inkluderer alt frå små oppstartsbedrifter til store konsern knytte til maritim næring. Også forskingsmiljø, akademia, finansaktørar og offentlege aktørar deltar aktivt i klynga.

Administrasjonen består i dag av 11 medarbeidarar som bidrar til utvikling, demonstrasjon og lansering av energieffektive og miljøvenlege løysingar saman med klyngepartnarar og internasjonale nettverk. I tillegg til norske innovasjonsprosjekt er Maritime CleanTech også involvert i fleire internasjonale konsortium, og fungerer som ein pådrivar for å hente europeisk støtte til norske partnarar.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Organisasjoner
Antall stillinger
2
Sted
Meatjønnsvegen 74, 5412 Stord
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Maritim og offshore,
Shipping
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Koordinering,
Prosjektledelse
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øystein Huglen
Stillingstittel
Innovasjonsdirektør
Mobil
95 25 07 82
Kontaktperson
Karina Hope Sortland
Stillingstittel
Administrasjonsleiar
Mobil
97 58 87 64
Følg firma
30 følger dette firmaet

Meatjønnsvegen 74, 5412 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 243896347
Sist endret 7. okt. 2022 14:32

Rapporter annonse