Utløpt

Utrykningsleiarar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Brann og redning
Stillingstittel
Utrykningsleiarar
Frist
31.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden brann og redning har ledig 2 x 103% stilling som utrykningsleiar ved beredskapsavdelinga på Os. Bjørnafjorden brann og redning har omlag 60 heil- og deltidstilsette fordelt på tre stasjonar i kommunen. Stasjonane ligg på Moberg, i Eikelandsosen og på Venjaneset.

Ettermiddag/kveld og helgeberedskapen er organisert med 4 vaktlag á 6 personar, som har heimevakt kvar 4. veke.
I tillegg er det dagberedskap på stasjonen. Utrykningsleiarane går i ein 4 delt rotasjon med vakt kvar 4. veke. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året dette utgjer 3% stilling.

Arbeidsstad
Brannstasjonen på Os

Arbeidsoppgåver
- utrykningsleiar for et vaktlag, som skal utnytte ressursane på best mulig måte
- inngå i beredskapen med rotasjon kvar fjerde veke frå måndag til måndag.
- utrykningsleiar ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag i rotasjon kvar fjerde veke
- gjennomføre systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse til vaktlaget
- vere instruktør/kurshaldar innan relevante emne - bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
- bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggarane på ein god måte
- andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida.

Kvalifikasjonar
Du må ha:
- leiarerfaring gjerne frå brannvesen eller andre operative etatar
- minst 5 års erfaring som brannkonstabel ved eitt brannvesen/annen relevant operativ erfaring
- fagbrev eller anna relevant arbeidserfaring
- bustad i nærheten av Os brannstasjon, maksimalt 4-5 min kjøretid frå Brannstasjonen
- utvida politiattest og helseattest
- god fysisk og psykisk helse
- førarkort minimum klasse B, du må pårekne å ta klasse C for eigen rekning om du ikkje har dette frå før
- svømmedyktig
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
 - normalt gode IKT-kunnskapar og god praktisk innsikt
 - utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det er ønskeleg at du har:
- gjennomført yrkesutdanning for brannkonstablar/ utrykningsleiarar i henhold til gjeldande reglar.
- erfaring frå beredskapsarbeid
- redningsdykkarkompetanse
- førstehjelpskompetanse
- kode 160
- avtent førstegongsteneste

Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søkje.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Mobergsbakken 111, 5200 Os
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Annet,
Brannvern,
Ledelse

Nøkkelord

brannkonstabel, utrykningsleiaar, brann

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eivind Hovden
Telefon
48 88 93 32
Kontaktperson
Erik Walden
Telefon
90 75 82 58
Følg firma
481 følger dette firmaet

Mobergsbakken 111, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 243862489
Sist endret 18. jan. 2022 19:59

Rapporter annonse